Postdoktor i ernæringsepidemiologi

Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Stillingstittel
Postdoktor (Hjartåker)
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Seksjon for ernæringsepidemiologi ved Avdeling for ernæringsvitskap, Institutt for medisinske basalfag har ei ledig stilling som postdoktor i ernæringsepidemiologi for ein periode på 3 år. 

Stillinga er finansiert av Kreftforeningen gjennom prosjektet KoloPrev - Fokus på levevanar for eit betre tarmscreeningprogram. Hovudformålet med prosjektet er å undersøkja om det nasjonale tarmscreeningprogrammet kan brukast til å fremma sunne endringar. Prosjektet er eit samarbeide med Kreftregisteret ved Folkehelseinstituttet, og vert leia av professor Anette Hjartåker. 


Meir om stillinga

Postdoktoren vil ha eit særleg ansvar i ein randomisert intervensjonsstudie, Livsstilsintervensjon i tarmscreeningprogrammet, men vil også bidra i andre delar av KoloPrev. I intervensjonsstudien skal me undersøkja om ein digital kost- og livsstilsintervensjon fører til sunne endringar, og om graden av endring er knytt til intensiteten i intervensjonen. Me søkjer ein person med sterk interesse for prosjektet, og som kan arbeida effektivt både sjølvstendig og som del av ei gruppe.

Arbeidsoppgåvene inkluderer: 

  • Førebuing og gjennomføring av ein livsstilsintervensjon blant deltakarar i tarmscreeningprogrammet, inkludert utarbeiding av virtuelle motivasjonsseminar for studiedeltakarane
  • Analysera data etter 2 års intervensjon
  • Delta i fagutvikling og kunnskapsformidling innan feltet tarmkreft og livsstil, med særleg vekt på kosthald
  • Aktiv deltaking i prosjektgruppa 

Tilsetjing i stilling som postdoktor har som føremål å kvalifisera forskarar for arbeid i vitskaplege toppstillingar.


Kvalifikasjonskrav
  • Stillinga krev doktorgrad eller grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innan ernærings- og/eller kreftepidemiologi. For søkarar som ikkje har disputert er det ein føresetnad at doktorgradsarbeidet er levert til vurdering før søknadsfristen går ut. Det er ein føresetnad for tiltreding i postdoktorstillinga at disputasen er godkjent.
  • God framstillingsevne skriftleg og munnleg på engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk). Postdoktoren skal arbeida direkte med studiedeltakarar, og må kunna snakka norsk (eller eit anna skandinavisk språk). 

    I tillegg vil det vera ein fordel med følgjande kvalifikasjonar:

  • Solid kunnskap om tarmkreft, med særleg fokus på korleis livsstil kan spela inn
  • Erfaring frå arbeid med kreftscreeningprogram

Personlege eigenskapar

Ved vurdering av søknadane vil det bli lagt vekt på: 

  • At personen er eigna for prosjektet 
  • At personen viser sterk motivasjon for prosjektet
  • At personen kan arbeida sjølvstendig og som del av ei gruppe

Vi tilbyd
  • Løn frå kr. 575 400 til kr. 657 300 avhengig av kompetanse, i stilling som postdoktor (stillingskode 1352)
  • Eit godt, profesjonelt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Eit strukturert karriereutviklingsprogram utvikla for postdoktorar. For meir informasjon sjå Postdoktorprogrammet - Det medisinske fakultet (uio.no)

Søknaden skal innehalde
  • Søknadsbrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • Kopiar av vitnemål og attestar
  • Publikasjonsliste
  • Referanseliste (2-3 referansar; namn, tittel, e-post og telefon, og skildring av relasjon til søkar)

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt. Ved utdanning utanfor Skandinavia bed me om ei forklaring på karaktersystemet. Me gjer merksam på at all dokumentasjon må vera på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett vil kunna gjennomføra prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Det skal som hovudregel nyttast intervju i tilsetjingsprosessen.


Andre opplysningar

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår, samt retningslinjer for tilsetjing i postdoktorstillingar ved Universitetet i Oslo.

I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.


Kontaktinformasjon

Professor Anette Hjartåker, tlf.: 22 85 13 30, e-post: anette.hjartaker@medisin.uio.no


Sektor
Offentlig
Sted
Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
381386428
Sist endret
20. nov. 2024 12:14