Helsefagarbeidar til 100% fast stilling 

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Frist
03.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar 

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start.  Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.

Det er ledig stilling ved ReHabiliteringsklinikken:

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) post 1, er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås. Avdelinga gir tilbod til pasientar som treng utgreiing, vurdering og rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk.
Den ledige stillinga er ved Sengepost for hjerneslag og traumatisk hjerneskade. Pasientane her blir overført tidleg, som ein del av akuttforløpet. Som helsefagarbeidar får du arbeide både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper. Dette er ein kombinasjonsstilling der 75% er i AFMR og 25% i Bemanningssenteret. Oppstart  etter avtale.

 

For stillinga er det krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju. 


      Arbeidsoppgåver

      • Omsorg og oppfølging av pasientar
      • Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
      • Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
      • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet

      Kvalifikasjonar

      • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
      • Erfaring frå sjukehus eller onkologi er ein fordel, men ikkje eit krav
      • Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
      • Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring

      Personlege eigenskapar

      • Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
      • Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
      • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus

      Vi tilbyr

      • Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
      • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
      • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
      • Gode pensjons- og forsikringsordningar
      • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
      • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga


      Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

      Kontaktinformasjon

      Lisbeth Sparre, Seksjonsleiar, 55918410

      Arbeidsstad

      Nordåsgrenda 4

      5235 Rådal

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Helse Bergen


      Referansenr.: 4887782679

      Stillingsprosent: 100%

      Fast

      Søknadsfrist: 03.12.2024

      Sektor
      Offentlig
      Sted
      Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal
      Stillingsfunksjon
      Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
      FINN-kode
      381392261
      Sist endret
      20. nov. 2024 01:33