Ringevikar ved Vaksenopplæringen Ullensvang, avd Odda

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Vaksenopplæring
Frist
31.12.2024

Beskrivelse

Vaksenopplæringa Ullensvang avd. Odda ønskjer ringjevikarar

Arbeidsoppgaver:

Undervisa deltakarane våre i norsk, samfunnsfag, naturfag, matematikk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode digitale ferdigheter
  • Gode samarbeidsevner
  • Inkluderande, strukturert og tydeleg klasseleiar.
  • God evne til å arbeida sjølvstendig og målretta etter gjeldande lover og planverk.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Kontor og administrasjon, Saksbehandler
FINN-kode
381421998
Sist endret
21. nov. 2024 06:59