Legevikariat 80 % stilling

Arbeidsgiver
Voss herad Voss legekontor
Stillingstittel
Legevikariat ved Voss legekontor
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ledig legevikarat i 80% stilling kor 60% er knytt til Voss legekontor og 20 % er knytt til helsestasjon ved Knutepunktet i Voss herad.

Ein av våre fastlegar skal i utdanningspermisjon og me søkjar difor vikar i perioden 1. mars til 31.august 2025.

Voss legekontor har nye og topp moderne lokale i Knutepunktet like ved togstasjonen på Vossevangen. Det er kort avstand til samarbeidsinnstanser som NAV, PPT og Helsestasjon då dei er lokalisert i same bygg. Det er også kort veg til legevakta.

Til saman jobbar det 9 fastlegar, 1 LIS1 lege, 6 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. Fastlegane deltek i rotasjon på daglegevakt, som for tida er stasjonert i akuttmottak ved Voss sjukehus.

Kontoret nyttar InfoDoc Plenario journalsystem.

Til saman har Voss herad per i dag 20 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar.

Det er knytta  456 pasientar til denne legelista.

Arbeidsoppgåver

  • kurativ legeteneste ved Voss legekontor
  • deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
  • løypande oppgåver knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
  • inntil ein dag i veka med deltaking i daglegevaktordning lokalt for Voss herad
  • lege for migrasjonshelse ved helsestasjonen

 Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som lege
  • er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
  • har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • innehar førarkort klasse B
  • legen som tilsetjast må ha rett til å motta trygderefusjon

Me tilbyr

  • voss herad er godkjent som utdanningsverksemd og kan tilby avtale for lege i spesialisering (ALIS-avtale), me tilbyr gode ALIS-forløp med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta
  • løn etter lokal avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar, og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 
  • gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing
  • tverrfaglege fagdagar
  • kompetanseplanar for kvar einskild

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen

 Søknad

 Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.

I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Gurid Almenningens Plass 1, 5704 Voss
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
381423947
Sist endret
21. nov. 2024 07:20