Pedagogisk leiar/barnehagelærar - Ylvisåker barnehage
- Arbeidsgiver
- Sogndal kommune Norane oppvekstsenter
- Frist
- 05.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Om stillinga:
Ledig inntil 100% vikariat som pedagogisk leiar/barnehagelærar ved Ylvisåker barnehage.
Barnehagen er ein del av Norane oppvekstsenter og ligg i naturskjønne omgjevnader ved fjorden ein kort biltur frå Sogndal sentrum og med gode kommunikasjonstilbod til og frå Ylvisåker. Barnehagen har eit fantastisk uteområde som er mykje brukt og har stort fokus på friluftsliv. Barnehagen har tre avdelingar og 10 tilsette barnehageåret 2024-2025.
Ledig frå og med 01.01.25. Kan bli aktuelt tidlegare.
Arbeidsoppgåver:
- Hjelpe barn med ei sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samhald, inkludering, fellesskap, leik, utforsking og læring
- Rettleie barn til å ta ansvar
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar
- Vere eit godt førebilete for barna
Kvalifikasjonar:
- Høgskuleutdanning som barnehagelærar
- Fagleg sterk og ser betydninga av refleksjon rundt praksis
- Gode digitale ferdigheiter
- Ønskeleg med livredningsprøve
- Interesse for og engasjement for friluftsliv for barn
Personlege eigenskapar:
- Har godt humør, stå på vilje og engasjement til beste for barna
- Tek utfordringar og ser moglegheiter
- Kan inspirere andre medarbeidarar slik at desse får brukt sitt potensiale
- Ønsker å bidra til deling og vil delta aktivt for å utvikle vår eining
- Evner å skape gode relasjonar med alle barn, føresette og medarbeidarar
- Er open for refleksjon over eigen praksis og bidreg aktivt til at barnehagen utviklar seg som lærande organisasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalavegen 2, 6856 Sogndal
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
- FINN-kode
- 381427373
- Sist endret
- 21. nov. 2024 07:09