Ferievikarar 2025 for jordmødre, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar

Arbeidsgiver
KK FSS Føde/ Gyn /Barsel Sengepost, Helse Førde
Stillingstittel
Ferievikarar 2025
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kvinneklinikken er ei kombinert føde/barsel og gynekologisk avdeling med ca 800 fødslar i året.

Avdelinga består av observasjonspost for gravide,føde/barselavdeling, fødepoliklinikk, samtalepoliklinikk og ammepoliklinikk. Avdelinga tilbyr følgetjeneste til dei gravide med lang reiseveg og ved overflytting til Haukeland.

Vi har også gynekologiske pasientar innlagt i avdelinga med diverse kvinnesjukdommar og pre- og postoperativ pleie.

Sommarferien blir avvikla i perioden 23.06.2025 - 17.08.2025. Det er tredelt turnus og du må vere førebudd på å arbeide annakvar helg.
Det vil bli gitt opplæring.


Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.


Arbeidsoppgåver

  • Delta i arbeid med kvinna/paret i samband med fødselen og barseltida
  • Legge til rette for amming og stell av barnet
  • Førefallande oppgåver som vask/opprydding og å halde orden i avdelinga
  • Delta i stell og behandling av gynekologiske pasientar

Kvalifikasjonar

  • Praksis frå tilsvarande avdeling er ønskjeleg, men også anna sjukepleiepraksis
  • Offentleg godkjenning som jordmor, sjukepleiar eller hjelpepleiar/helsefagarbeidar
  • Både sjukepleiarstudentar og legestudentar kan søkje
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Utadvendt
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Arbeidsam
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Samarbeidsvillig

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Opseth Rygg, Seksjonsleiar, 57839688, kristin.opseth.rygg@helse-forde.no

Beathe Salbu Håkonsen, Einingsleiar, 57839588, beathe.salbu.håkonsen@helse-forde.no

Cecilie Kvamme Berge, Einingsleiar, 57839588, cecilie.kvamme.berge@helse-forde.no

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4887883555

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
381437620
Sist endret
21. nov. 2024 07:31