Vil du bli vår nye matros?
- Arbeidsgiver
- Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Stillingstittel
- Matros i sambandet Anda-Lote, p.t. MF Gloppefjord
- Frist
- 05.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Anda-Lote, p.t. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Gloppefjord.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande oppgaver/utfrodringar.
- Fleksibel skiftordning: 2 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Sambandet har tilgang på hybel.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid!
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Fagbrev matros, eller nok fartstid til å mønstre matros
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: 2 veker på, og 3 veker av.
Kontaktinformasjon
Tonje Natvik, Bemanningskoordinator, +47 90855987, tonje.natvik@fjord1.noArbeidsstad
E39 1306823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4888011858
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024
- Sektor
- Privat
- Sted
- E39 130, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Annet
- FINN-kode
- 381465356
- Sist endret
- 21. nov. 2024 07:42