Lege i spesialisering i blodsjukdommar

Arbeidsgiver
Medisinsk klinikk/ Seksjon for blodsjukdommar, Helse Bergen
Stillingstittel
Lege i spesialisering i blodsjukdommar
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig fast stilling for lege i spesialisering i blodsjukdommar. Tilsetjing i mars 2025 eller etter avtale. Vi prioriterer søkarar med interesse for indremedisin og blodsjukdommar. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Medisinsk klinikk har om lag 600 tilsette og har seksjonar for blodsjukdommar, hormonsjukdommar, fordøyingssjukdommar, infeksjonssjukdommar og nyresjukdommar. Klinikken omfattar og seksjon for klinisk ernæring og seksjon for sosionomtenester.

Seksjon for blodsjukdommar diagnostiserar og behandlar pasientar med ulike sjukdommar i blod og beinmarg. Seksjonen har regionalt ansvar for behandling av akutte leukemier og autolog stamcelletransplantasjon for plamsacellesjukdomar, samt fleir-regional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon saman med Oslo Universitetssjukehus. Seksjonen har og nasjonal oppgåve for autolog stamcelletransplantasjon for multippel sklerose. Seksjonen har ein sengepost med 14 heildøgnsenger, tre dagbehandlingsplassar og ei stor poliklinisk verksemd, med om lag 12000 årlege konsultasjonar og behandlingar. I mars 2025 flyttast sengepost og poliklinikk til nye lokaler, og ein opnar ei utvida transplantasjonseining.

Seksjonen har og ein stor utdanningsaktivitet for medarbeidarar. Seksjonen har stor og aukande forskingsaktivitet, der Klinisk Institutt 2 ved Universitetet i Bergen er største samarbeidspartnar. Det er knytt 2 professorar til seksjonen og ein 1ste amanuensis i delt stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i seksjonen sine ulike aktivitetar
  • Delta i medisinsk forvaktsordning
  • Delta i undervisning i Medisinsk klinikk og seksjon for blodsjukdommar
  • Kliniske undervisning for studentar inngår i oppgåvene

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3-stilling i indremedisin
  • Ved rangering blir det lagt vekt på gjenståande tid til spesialitet, opparbeida kompetanse og referansar/personlege eigenskapar
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter lege med interesse for indremedisin og blodsjukdommar
  • Bør ha stor arbeidskapasitet og gode evner til pasientretta arbeid
  • Bør vere ryddig, godt motivert, fleksibel og ha gode samarbeidsevne og beherske norsk språk godt munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Stimulerande og aktivt arbeidsmiljø i ei avdeling med høg fagkompetanse og sterkt fokus på praktisk og teoretisk opplæring, undervisning og forsking på høgt internasjonalt nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter gjeldane overeinskomstar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Astrid Olsnes, Seksjonsoverlege, astrid.olsnes@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4883121419
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Lege, Helsepersonell, Lege / Overlege
FINN-kode
381511841
Sist endret
21. nov. 2024 08:09