Helsesekretær/sekretær

Arbeidsgiver
Radiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Frist
05.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Radiologisk avdeling Ålesund ynskjer deg med på laget! 

Vi har ledig fast stilling som helsesekretær/sekretær

Avdelinga er ei fellesavdeling for radiologi for Ålesund og Volda, og har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), angiografi (bilete av blodårer), beintetthetsmåling og nuklærmedisin med PET og SPECT. Radiologi er eit spanande fagområde i rask utvikling, og våre tilsette nyttar avansert teknologi store delar av arbeidskvardagen. Undersøkingane vi tilbyr er ein naturleg del av svært mange forløp for både innlagde og polikliniske pasientar, og vi har eit nært samarbeid med dei fleste kliniske avdelingane på sjukehusa.

Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kolleger og i møte med pasientar. Du må vere lærevilleg og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.

Høyrast dette lovande ut? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!

Helse Møre og Romsdal HF ynskjer at medarbeiderane våre skal speile mangfoldet i befolkninga, og vi oppfordrar kvalifiserte til å søke hos oss uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det samme gjeld dersom du har hatt eit opphold i arbeidslivet.   

Intervju blir gjort fortløpande, og oppstart i stillinga er ønska snarast.

I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du lastar opp vitnemål og tenestebevis/attestar som vedlegg. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som kjem fram i CV, og til å fastsette lønn.

Ikkje kjent i området? Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast!  Med Ålesund som utgangspunkt har du kort veg, både til høge fjell og til sjø, samt nærleik til flyplass (ca 25 min fra sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både innland og utland.  Ålesund og Sunnmøre - der fjell møter fjord


Arbeidsoppgåver

  • Betening av telefon
  • Ankomstregistrering av pasientar
  • Kassaregistrering
  • Administrering av ventelister
  • Oppsett av timeavtalar
  • Andre forefallande kontorarbeidsoppgåver
  • Arbeid på kveld må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med autorisasjon som helsesekretær, men ikkje eit krav
  • Relevant praksis
  • God IT- kompetanse 
  • Meistre norsk godt muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil vektleggast ved tilsetting. Vi ynskjer at du:

  • Har stabil arbeidskapasitet, og er påliteleg, nøyaktig og strukturert i ditt arbeid
  • Er engasjert og initiativrik i møte med varierte oppgåver
  • Har evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
  • Har gode samarbeidsevner, og kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er serviceorientert 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Lisa Steinberg, Seksonsleiar, lisa.steinberg@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4855304827

Stillingsprosent: 100%

Fast

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær
FINN-kode
381517044
Sist endret
21. nov. 2024 08:23