Kokk på Tysnes omsorgssenter

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Kokk Tysnes omsorgssenter
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg  som stod ferdig i 2017. Tysnes omsorgssenter har 30 bebuarar i institusjon. 10 omsorgsbustader og eit dagsenter for personar med demens.

Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode tenester.

Kjøkkent

Kjøkkenet er ei av tre avdelingar og består av to kokkar, inkl. avdelingsleiar og reinhaldspersonell, til samen seks personar. På
omsorgssenteret har me felles lunsjrom i lag med resten av huset.

Kjøkkenet produserer middag 5 dagar i veka etter kok/kjøl metode til institusjonen og til heimebuande.

Me legg vekt på god, næringsrik mat, laga frå grunnen etter lokale
tradisjonar. Og me samarbeider tett med avdelingane for å sikre
persontilpassa ernæring og gode matopplevingar for brukarane.

Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Les meir om kva me verdsetter i arbeidsmiljøet her hos oss

 

Me søkjer no etter ein ny kollega til kjøkken, i fast 94 % stilling.

Du vil få varierte arbeidsoppgåver og jobbar tett med avdelingsleiar/kjøkkensjef. Du blir del av ei avdelinga som

Arbeidstid på dagtid, 07:30 - 15:00, med fri på helg og heilagdagar.

 

Trykk her for å sjå deg rundt på kjøkkenet og personalromma

Trykk her for å sjå deg rundt på omsorgssenteret


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg matproduksjon av middag, dessert og varm lunsj, fem dagar i veka.
  • Samarbeida med avdelingane ved å forsyne dei med forbruksvarer etter bestilling.
  • Samarbeida med heimetenesta og friviljuge rundt levering av middag til heimebuande.
  • Trer inn for avdelingsleiar kjøkken ved fråver.

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis fagbrev som institusjonskokk.
  • Relevant erfaring kan kompensere for fagbrev.
  • Erfaring med kok/ kjøl produksjon av mat er eit føremon.
  • Me ønskjer at du har erfaring med ulike diettar og samanheng mellom ernæring og helse.
  • Det er positivt om du har god kjennskap til norsk tradisjonskos.
  • Kjennskap til IK mat system, krav og forskrifter.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner.
  • Ansvarleg og kan arbeide sjølvstendig.
  • Er fleksibel og ser løysingar.
  • Er open for vidare utvikling av metoder og organisering.

Me tilbyr

  • Stillingsstorleik: 94 % med arbeid måndag til  fredag.
  • Eit godt arbeidsmiljø, med kjekke kollegaer.
  • Nytt og moderne utstyr og lokaler.
  • Løn etter kvalifikasjoner.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Flyttegodtgjerdsel om du ønskjer å flytte til Tysnes.
  • Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv.


Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.
Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar
uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det
same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me
ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Oddrun Gravdal Flatråker, Avdelingsleiar kjøkken, oddrun.gravdal.flatraker@tysnes.kommune.no

Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 95 17 68 46

Arbeidssted

Rådhuset

5685 UGGDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Tysnes kommune


Referansenr.: 4878298803

Stillingsprosent: 94%

Fast

Søknadsfrist: 08.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
FINN-kode
381524548
Sist endret
21. nov. 2024 09:23