Utdanningsstilling helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Utdanningsstilling helsefagarbeidar
Frist
12.12.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Ønskjer du å jobbe innan helsesektoren, men manglar formell kompetanse?
Det er mange vegar fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Stryn kommune lyser no ut utdanningsstillingar for deg som ønskjer å ta fagbrev som helsefagarbeidar.

Som helsefagarbeidar jobbar du med å gje omsorg, og ivareta brukar sine behov gjennom grunnleggande sjukepleie.
Ein helsefagarbeidar har varierte arbeidsoppgåver, alt etter den enkelte brukar sine behov.
Som helsefagarbeidar må du like å arbeide med menneske i ulike livssituasjonar.

Vi tilbyr utdanningsstilling, der du får opparbeida deg praksis frem mot fagbrev. 
Utdanninga til helsefagarbeidar består av en teoretisk- og en praktisk del. Her får du mogelegheit til å tilegne deg nødvendig formell kompetanse slik at du kan gå opp til teoretisk eksamen og fagprøve.

Etter endt utdanning vil du vere helsefagarbeidar. Du er sikra fast jobb i Stryn kommune, med ei bindingstid på 2 år, etter endt utdanning.

  

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter nokon som er interessert, motivert og ynskjer jobbe innan pleie- og omsorgssektoren.
  • Praksiserfaring frå helsesektoren er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg.
  • Det er en fordel om du har førerkort for klasse B. 

    Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

  • Omsorgsfull
  • Nysgjerrig
  • Lærevillig
  • Fleksibel
  • Evne til å vise empati, omsorg og respekt.

Vi tilbyr

  • Utdanningsstilling på mellom 2 - 5 år
  • Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Varierte og spennande utfordringar tilpasset ditt nivå.
  • 100 % stilling, med arbeid i turnus

Vi tilbyr utdanningsstillingar knytt til Vikane Omsorgssenter, Stryn Omsorgssenter og Miljø- og velferdtenesta.
Skriv i søknadsteksten dersom du har spesielle ønskjer om kvar du ønskjer din arbeidsplass.

Er du interessert og motivert? Då oppfordrar vi deg til å søke utdanningsstilling, så skal vi finne ut kva løp som passar best for deg!

   

Kontaktinformasjon

Reidun Aven, Avdelingsleiar område Stryn, Fiolen, 95801398

Kari-Anne Tisthamar Haveland, Einingsleiar område Vikane, 99416110

Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø og velferd, 93446790

Arbeidsstad

Tonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune


Referansenr.: 4888302375

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Søknadsfrist: 12.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
381566140
Sist endret
21. nov. 2024 02:18