Sommarvikar 2025
- Arbeidsgiver
- Ambulansetenesta Helse Førde
- Stillingstittel
- Sommarvikar ambulansetenesta
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde, som ligg organisert i Kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjonane i Solund og Florø.
Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar
Stasjonane har ulike vaktordningar og vanlegvis døgnvakter med vakt på vaktrom, ca 2 døgnvakter per veke, eventuelt med kombinasjon av dagbilvakter på 10-12 timar aktiv tid.
For å optimalisere bruk av vikarar, kan det bli førespegla arbeid ved fleire stasjonar innanfor ei arbeidsavtale.
Det må kome fram i søknaden kva nedslagsfelt vikaren ønskjer å jobbe i (Nordfjord, Sunnfjord, Sogn). og kva periode søkjar kan jobbe.
Vi forbeheld oss retten til å selektere vikarar ut frå kva arbeidskapasitet som kan leggast til grunn. Vikarar må vere budd på å jobbe ved ulike stasjonar innanfor eit område.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Arbeidsoppgåver
- Beredskap for og gjennomføring av ambulanseoppdrag
- Deltaking i anna helseteneste og beredskapsretta arbeid
- Fag- og prosjektarbeid med mål om kompetanseutvikling i ambulanseteam og eigentrening.
- Kontroll, vedlikehald og reingjering av beredskapsutstyr og ambulansar
- Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
- Førefallande arbeid på stasjonen og elles i avdelinga
- Det er utarbeidd stillingsomtale for stillinga
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar eller ambulanseassistent.
- Søkjarar med helseautorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar er aktuelle søkjarar om ein kan vise til bestått vikarkurs/forskriftskurs og klinisk praksis som vilkår for å stette kompetansekrava i akuttmedisinforskrifta
- Studentar som til våren er ferdig med 2..års paramedisin-/sjukepleiestudie, eller 3. års medisinerstudent, sjå helse-forde.no / ambulansetenesta /jobbmoglegheiter / kvalifikasjonskrav
- Førarkort kl. B og C1. C1 må vere på plass før første ordinære vakt.
- Utrykkingskompetanse K160 er ein fordel
- Bestå dei fysiske krava for tenesta
- God datakompetanse og erfaring med bruk av MS Officeprogram
- Den tilsette må delta på og bestå obligatorisk opplæring, interne kurs, og nødvendig etterutdanning i tråd med tenesta sin gjeldande kompetanseplan
Personlege eigenskapar
- Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar
- Trivst med å jobbe i eit team med tidvis hektisk og høg aktivitet
- Pliktoppfyllande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- God fysisk- og psykisk helse
- Villig til kontinuerlig å søke fagleg utvikling og delta i kurs og fagaktivitetar i regi av føretaket sin vedtatte kompetanseplan
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Kompetanseutvikling i form av fagstige
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Inntil kr 12.500 årleg for å dekke utlegg for C1 førarkort dersom arbeid i 6 veker gjennom sommaren 25. Inntil kr 25.000 over to år.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kjartan Heggø, Seksjonsleiar Høyanger/Fjaler, 415 30 507Harald Einar Kjønås, Seksjonsleiar Lærdal/Luster/Sogndal, 415 30 505
John Andor Ellingsund, Seksjonsleiar Florø/Svelgen/Bremanger, 415 30 506
Leif Otto Halland, Seksjonsleiar Førde, 415 30 504
Hilde Rotihaug Humborstad, Seksjonsleiar Måløy/Eid/Stryn, 415 30 511
Frank Haukereid Reksnes, Konst.seksjonsleiar Vikarområde, +47 415 30 501
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4888227650
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 20
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 381580571
- Sist endret
- 21. nov. 2024 02:54