Personleg assistent /pleiemedarbeidar 100% engasjement

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy
Frist
01.12.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Omtale av stillinga

Vi har ledig 100% stilling i BPA-ordning i Heimetenester Halsnøy med snarleg tilsetjing. Oppgåver blir oppfølging av brukar i eigen heim, men det kan og verte oppgåver i ordinær heimeteneste. Stillinga vert løna som helsefagarbeidar.

 

Kvalifikasjonar

  • Førarkort klasse B
  • God munnleg og skriftleg norsk framstilling
  • Evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid

 Personlege eigenskaper

  • Tolmod og empatisk med respekt for pasienten
  • Evne til å trygge pasienten der han er
  • Er trygg i pleiesituasjon og evnar å arbeide sjølvstendig
  • Fleksibel og taklar arbeidsdagar med endringar
  • Ansvarsbevisst og lojal
  • Evne til samarbeid og samspel
  • Evne og vilje til endring og nytenkning

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
381664453
Sist endret
22. nov. 2024 08:31