Ferievikar 2025 - Radiograf/ radiografstudentar

Arbeidsgiver
Ferievikarer Volda sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ferievikar 2025 - Radiograf/ radiografstudentar
Frist
31.01.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Avdeling for radiologi Ålesund og Volda omfattar røntgenseksjonen ved Ålesund sjukehus, brystdiagnostisk senter (BDS) i Møre og Romsdal og nukleærmedisin og røntgenseksjonen ved Volda sjukehus. Avdelinga utfører årleg ca. 100 000 undersøkingar. BDS er då ikkje medregna.

Radiologi Volda har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 33.

Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.


Arbeidsoppgåver

  • 3-delt turnus for radiografar
  • 2-delt turnus for assistentar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert radiograf
  • 2. eller 3. års radiografstudent 
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Fagleg interessert og lærevillig
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i ein aktiv og travel kvardag

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

 For meir informasjon om vår region, sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Alice Telset Tverberg, Seksjonsleiar, alice.telset.tverberg@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4887383509

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 31.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Annet
FINN-kode
381664762
Sist endret
22. nov. 2024 08:57