Ferievikar 2025 - Sjukepleiar, , helsefagarbeidar, sjukepleiarstudentar m.m.

Arbeidsgiver
Ferievikarer SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ferievikar 2025 - Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Frist
31.01.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

SNR Hjelset treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2025. Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, assistentar og studentar innan sjukepleie og medisin. Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 34:

  • Medisinsk sengepost A
  • Medisinsk sengepost B
  • Medisinsk poliklinikk
  • Dialyse
  • Kirurgisk sengepost A
  • Kirurgisk sengepost B
  • Nevrologisk sengepost
  • Kirurgisk poliklinikk og dagkirurgi
  • Akutt 24

Informasjon til søkjaren

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Seksjonsnamna kan endrast ved tilsetting grunna pågåande overflytting til SNR Hjelset, som enno ikkje er fullført. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.


Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning/bakgrunn
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Fagleg interessert og lærevillig
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i ein aktiv og travel kvardag

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst


For meir informasjon om vår region, sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Charlotte Råmkes, Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost B, charlotte.ramkes@helse-mr.no

Mette Malme, Seksjonsleder, Medisinsk sengepost B, mette.malme@helse-mr.no

Ida Gule, Seksjonsleiar, Kirurgisk poliklinikk og dagkirurgi, ida.gule@helse-mr.no

Beate Eilen Svanemsli Lyngvær, Seksjonsleiar, Akutt 24, beate.svanemsli.lyngvaer@helse-mr.no

Monika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, Nevrologisk sengepost, monika.bolsones.knutsen@helse-mr.no

Mathilde Stranden, Seksjonsleiar, Medisin A, mathilde.stranden@helse-mr.no

Ragnhild Brandshaug Vang, Seksjonsleiar, Dialyse, ragnhild.brandshaug.vang@helse-mr.no

Anders Nordvik Røstad, Seksjonsleiar, Kirurgen A, anders.nordvik.rostad@helse-mr.no

Karin Sjåholm Iversen, Seksjonsleiar, Medisinsk poliklinikk, karin.sjaholm.iversen@helse-mr.no

Arbeidssted



6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4885939686

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 31.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
6450 Hjelset
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
381665551
Sist endret
22. nov. 2024 09:17