Sjukepleiar - Tiltak i heim
- Arbeidsgiver
- Haram omsorgstenester, Haram kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar - Tiltak i heim
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Haram kommune søker etter sjukepleiar i 80% fast stilling, for tida i Tiltak heim. Dette er ei avdeling organisert under Indre Haram heimeteneste.
Likar du å arbeide sjølvstendig, kan kanskje akkurat du vere den rette i denne jobben. Stillinga er oppretta i samband med auka behov for hjelp i heimen hos eit multihandikappa barn. Det vil bli arbeid i turnus. Heimen har bemanning dag, kveld og natt mandag til fredag, samt noko på helg etter behov. Turnus er ikkje endeleg utarbeidd for denne stillinga. Den som får stillinga vil få mulighet til å vere med og påvirke oppsett av turnus. Heimen er bemanna med sjukepleiarar som har eit tett samarbeid, men ein er stort sett åleine på jobb. Det vil bli gitt god opplæring i arbeidsoppgåvene.
Indre Haram heimetenste er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legger til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Pleie, omsorg og oppfølging av barnet
- Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
- Ivareta dokumentasjonsplikta.
- Bidra til eit godt samarbeid med pårørande.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Godt humør og positiv framtoning.
- Bevare ro i stressa situasjonar.
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Kari Ann S Jensen, Avdelingsleiar, 47516769, kari.ann.s.jensen@haram.kommune.noArbeidsstad
Trolldalssletta 126264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4877561649
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 381666927
- Sist endret
- 22. nov. 2024 09:31