Barne- og ungdomsarbeider/fagarbeider
- Arbeidsgiver
- Brattvåg barneskule, Haram kommune
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider/fagarbeider
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
På grunn av komande svangerskapspermisjonar har Brattvåg barneskule frå 01.01.2025 ledig 2 vikarstillinger som barne- og ungdomsarbeider/fagarbeider. Stillingane er for omlag eit år med mulighet for forlenging.
Vi søker motiverte og engasjerte tilsette som har lyst til å gjere ein forskjell for våre elevar og vere ein del av våre flotte kollegaer, og som kan vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø.
Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har 214 elevar frå mange ulike nasjonalitetar.
Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
"I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med på vårt team og vere med å forme framtida."
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Gje omsorg og vere ein trygg omsorgsperson.
- Bidra i daglege aktivitetar og vere tilstades for barna i deira skulekvardag og på SFO.
- Bidra til at det enkelte barn opplever positiv oppfølging.
- Ha god fokus på det sosiale samspelet mellom elevane og bidra til ei positiv utvikling.
- Helsestell.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis fagarbeider i barne- og ungdomsarbeiderfaget, men ikkje eit absolutt krav.
- Søkjarar må beherske norsk skriftleg og munnleg.
- Må kunne takle raske og utfordrande situasjonar.
- Ønskeleg med erfaring med barn med ulike diagonser og utfordringar.
- Kunnskap og kompetanse i helsestell.
- Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Du må vere ein ansvarsfull vaksen med fokus på det enkelte barn og grupper.
- Ha god fokus på relasjonsbygging og vere bevisst at du som vaksen skal vere ein god rollemodell.
- Gode omsorgsevner.
- Kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag.
- Du må vere løysingsorientert, vere fleksibel, ha gode samarbeidsevner, vere punktleg og påliteleg.
- Trivast både med ute- og inneaktivitetar.
- Det vil bli lagt vekt på personelege eigenskaper ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø og ikkje minst flotte elevar.
- Opplæring vil bli gitt.
- Stillingane kan bli forlenga.
- Løn ifølgje tariff.
- Pensjonsordning gjennom KLP.
Kontaktinformasjon
Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.noArbeidsstad
Skulesvingen 46270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4883930830
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 08.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Skulesvingen 4, 6270 Brattvåg
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 381666929
- Sist endret
- 22. nov. 2024 09:23