Ferievikar 2025 - Sjukepleiar, vernepleiar, studentar innan sjukepleie, helsefag m.m.
- Arbeidsgiver
- Ferievikarer Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Ferievikar 2025 - Sjukepleiar, vernepleiar, studentar innan sjukepleie, helsefag m.m.
- Frist
- 31.01.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Klinikk for psykisk helse og rus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2025. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar, helsefagarbeidarar, sosionomar, politi, barnevernspedagog, barne- og ungdomsarbeidar, pleieassistentar, medisinstudentar med lisens og studentar innan sjukepleie, vernepleie, politi, psykologi og helse- og sosialfag.
Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 26 t.o.m. veke 35:
- Akutt psykisk helse team A og B
- Døgnseksjon PHBU Akutt- og utredningsenheten Ålesund
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning/bakgrunn
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Fagleg interessert og lærevillig
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst i ein aktiv og travel kvardag
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Erik Sletten Helgesen, Seksjonsleiar, Akutt psykisk helse team B, erik.sletten.helgesen@helse-mr.noAndreas Trædal, Seksjonsleiar, Akutt psykisk helse team A, andreas.traedal@helse-mr.no
Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, Døgnseksjonen, akutt- og utredningsenheten Ålesund, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4886010437
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 381668788
- Sist endret
- 22. nov. 2024 09:42