Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost NSH, Helse Førde
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Frist
09.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Medisinsk sengepost, Nordfjord sjukehus har ledig faste stillingar: 

  •   80% stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar frå snarast
  • 100% stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod og eit godt fritids- og kulturtilbod.

Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon.


Arbeidsoppgåver

  • Mottak, overvaking og oppfølging av pasientar
  • Tverrfagleg arbeid knytt til pasientoppfølging
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona
  • 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter spesialsjukepleiar (intensiv/anestesi) eller sjukepleiar med ønskje om å ta vidareutdanning innanfor intensiv/anestesi
  • Erfaring frå intensiv/intermediær overvakingsavdeling er ønskjeleg 
  • Det er ønskjeleg med relevant kunnskap innan medisinsk teknisk utstyr og IKT-system
  • Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og ansvarsbevisst
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og engasjert 
  • Evne til systematisk arbeid
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Varierte og spennande oppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ida Kristin Skålbones, Kst. einingsleiar, +47 977 02 704

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4888622001

Stillingsprosent: 100, 80%

Fast

Søknadsfrist: 09.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
381669698
Sist endret
22. nov. 2024 09:55