Psykolog
- Arbeidsgiver
- Kirurgisk serviceklinikk/ Seksjon for smertebehandling, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Psykolog
- Frist
- 05.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Seksjon for smertebehandling søker etter psykolog i 80% midlertidig stilling frå 01.03.2025 - 31.12.2025
Ei av våre psykologar skal ut i permisjon og difor treng vi vikar i 10 månader. Det er mogleg at stillinga kan utvidast til ein 100% stilling, dette er enda ikkje endeleg avklart.
Ønsker du å få meir erfaring med tverrfagleg smertebehandling? Her er ein gylden moglegheit. Vi har eit spennande tverrfagleg miljø som har fokus på samhandling med primærhelsetenesta.
Seksjon for smertebehandling sitt personale har lang erfaring i vurdering og behandling av smerte. Seksjonen har to einingar: Poliklinikk for langvarige smerter og eit akuttsmerte team. Vi har tilsette med brei tverrfagleg kompetanse: legar, psykologar, fysioterapeutar, sjukepleiar, jobbspesialist frå NAV og merkantile. Dei har lang erfaring i vurdering og behandling av pasientar med langvarige og/eller kompliserte smertetilstandar. Psykologane i Smerte og palliasjonsavdelinga er samla i Seksjon for smertebehandling og tel 5 personar fordelt på 3,6 stillingar. Tre av psykologane arbeider hovudsakleg i poliklinikk for langvarige smerter. To av psykologane arbeider i Palliativt senter.
Smerte og palliasjonsavdelinga (SMEPA) er ei avdeling i Kirurgisk serviceklinikk (KSK) og består av tre seksjonar: Palliativt senter, Kompetansesenter i lindrande behandling, Helseregion Vest og Seksjon for smertebehandling.
Arbeidsoppgåver er hovudsakleg knytt til poliklinikk for pasientar med langvarige smerter.
Arbeidsoppgåver
- Direkte arbeid med pasientar med langvarige og samansette smertetilstandar
- Rettleiing og konsulenttenester til helsepersonell, samarbeidsmøte, video- og telefonmøte
- Bidra med psykologfaglege perspektiv inn i teamet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Ønskeleg med erfaring med klinisk helsepsykologi
- Ønskeleg med erfaring frå smertebehandling og palliasjon
- Kunnskap om dei vanlegaste psykologiske tilnærminger til langvarig og akutt smerte
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med somatisk sjuke
- Ønskeleg med erfaring frå tverrfaglege team
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og engasjement for fagfeltet
- Interesse for tverrfagleg samarbeid og evne til fleksibilitet i arbeidsmetoda
- Gode samarbeidseigenskapar, som evne til å skape trygge og gode relasjonar internt i teamet og vis a vis andre samarbeidspartnarar
- Evne til å bidra til god teamfunksjon
- Personleg eigna og relevant fagleg erfaring vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marte Pauline Skagseth, Seksjonsleiar, 41263772, marte.pauline.skagseth@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4887683132
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 03.03.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 05.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
- FINN-kode
- 381673939
- Sist endret
- 22. nov. 2024 10:05