Ledig inntil 60% vikariat som lærar ved Dovre ungdomsskole skoleåret 24/25

Arbeidsgiver
Dovre Kommune Administrasjonsavdeling
Stillingstittel
Vikarlærer
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ved Dovre Ungdomsskole er det ledig inntil 60% vikariat som lærar fram til 31.07.25. Det kan og vera mogleg at det blir utvida til 100%




Hva vi ser etter

Vi søkjer etter lærarar:

  • som har tydeleg og trygg klasseleiing.

  • som har god evne til å planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeid.

  • som har evne til å skape gode relasjonar, og etablere kultur for læring.

  • som samarbeider godt med barn og vaksne.

  • som er løysingsorienterte, motiverte og har god arbeidskapasitet.

  • som deltek aktivt i skulens satsingsområde.




Arbeidsoppgaver

Kvalifikasjonar

Den som skal tilsetjast på ungdomstrinnet må fylle krava for tilsetjing i opplæringsforskrifta: § 12-5. Krav for å bli tilsett i lærarstilling på 8. til 10. trinn

§ 12-6.Krav om relevant kompetanse i undervisningsfaga for 8. til 10. trinn

Dersom vi ikkje får søkarar som oppfyller krava over, vil lærarar under utdanning bli vurdert etter opplæringslova §17.3 Krav for å bli tilsett i lærarstilling.

Fagkrav: matematikk

Fagynskje: norsk, naturfag

Andre ynskje: Erfaring frå arbeid med særskilt språkopplæring.




Vi tilbyr

Vi tilbyr deg eit spennande, tverrfagleg og utviklande arbeidsområde, lønn etter avtale/tariff, pensjonsordning i SPK. For øvrig gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.

Sektor
Offentlig
Sted
Lars Moens veg 4, 2660 Dombås
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
381694351
Sist endret
22. nov. 2024 11:50