Sjåfør for renovasjonsbil

Arbeidsgiver
Nordfjord Miljøverk Iks
Stillingstittel
Sjåfør (renovasjonsbil)
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Likar du å være på vegen i vakre Nordfjord, og ha eit fysisk arbeid og samtidig gjere ein viktig innsats for miljøet i ein spennande og framtidsretta bransje i sterk utvikling, kan dette være jobben for deg !

Litt om oss

NoMil skal vere ein hyggjeleg plass å arbeide, med sterk fokus på arbeidsmiljøet og at våre tilsette skal ha ein trygg arbeidsplass. Vi har sterk fokus på HMS og ynskjer at du bidreg til at vi når våre mål. Vi ynskjer å ha trygge renovatørar som køyrer skadefritt, og du må like å ta vare på bil og utstyr.

Det er viktig å ta vare på miljøet, på våre kundar, og ikkje minst andre trafikantar som ferdast på både tronge og krunglete vegar.

Renovatør/sjåfør

NoMil søkjer etter ny renovatør/sjåfør i 100% fast stilling med oppmøtestad på Nordfjordeid i Stad kommune.

For stillinga er det eit krav om at du har:

  • førarkort klasse C eller CE og YSK

  • god hele og fysikk

  • snakkar og forstå norsk tilsvarande nivå B2

  • normale digitale ferdigheitar

  • fagbrev innan transportfag vert vektlagt

Personlege eigenskapar

Du bør ha en positiv innstilling, og vere ein engasjert og god kollega med godt humør. Det er viktig å ha god arbeidsmoral, vere nøyaktig og til å stole på, og lojal mot selskapet og våre abonnentar.

Vi tilbyr

  • ein attraktiv arbeidsplass med gode kollegaer

  • konkurransedyktige lønsvilkår med tillegg for fagbrev

  • gode pensjons- og AFP ordning gjennom KLP som og tilbyr gunstige private lån og forsikringar

Nomil er oppteken av å ha gode og ryddige forhold på arbeidsplassen, og gje god opplæring og personleg utvikling til våre tilsette.

Sektor
Offentlig
Sted
Eidsmona 36, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Transport og sjåfør, Annet
FINN-kode
381705949
Sist endret
22. nov. 2024 02:25