Barne- og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver
Suldal kommune Jelsa oppvekstsenter
Stillingstittel
Vikar for barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Frist
12.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om tenestestaden

Jelsa oppvekstsenter avd. barnehage har ledig vikariat som barne- og ungdomsarbeidar/assistent. 

Om stillinga

-          Stillingsstorleik: inntil 150% 

-          Stillingstype:  Vikariat

-          Stilling ledig: 01.01.25 og ut barnehageåret

Arbeidsoppgåver

I barnehagane i Suldal arbeidar me med "Være saman" programmet, slik at eg skal vera meg - men gi plass til andre slik at dei blir seg.
Det beste med å jobba i barnehage i Suldal er kanskje den rike naturen vår.  Den byr på undring og glede for borna våre og deg som har evne til å sjå på naturen som ein god læringsarena.
Nå treng me fleire dyktige kollega som vil vera med å skapa gode, læringsrike og trygge dagar for barna våre.

Jobben vil blant anna innebera:

Delansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
Omsetja teoretisk kunnskap i praksis.
Delansvar for vurdering og dokumentering.
Arbeid med barn ute og inne.

Kvalifikasjonar

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Andre me arbeidserfaring innan barnehage kan og søkja.

Me søkjer deg som er:

Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
Oppteken av å søkje kunnskap ilag med barn.
Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
Har ein ekte motivasjon for å arbeida med barn.
Tilstadeverande.
Fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

Eit positivt menneskesyn.
Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
Evne til å inspirera og motivera kollegane dine
Evne til å jobba målretta, og likar å sjå reusltat av jobben din.
Erfaring frå arbeid i barnehage.
Gode norskkunnskapar.

Hos oss i Suldal kommune får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
  • Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte kommunen via sentralbordet på tlf 52 79 22 00

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Antall stillinger
2
Sted
Økstrafjordvegen 64, 4234 Jelsa
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
381710081
Sist endret
22. nov. 2024 01:00