Miljøarbeidar

Arbeidsgiver
Svortland skule, Bømlo kommune
Stillingstittel
Miljøarbeidar
Frist
05.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Svortland skule søkjer etter miljøarbeidar i 60% fast stilling frå 01.01.2025 eller etter avtale. 

Stillinga vil vera både i skule og SFO.  Me ser etter deg som er glad i barn og unge, og som ynskjer å utvikle gode inkluderande miljø i skule og SFO.  
Svortland skule er ein to-parallell barneskule med 293 elevar og 52 tilsette. Det er 95 barn som nyttar SFO ordninga vår for 1. - 4. trinn. 


Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeidaroppgåver i undervisningssituasjonar og aktivitetsleiar for elevgrupper i SFO tida
  • Oppfølging av elevar med særskilde behov i eit heilskapleg inkluderande elevmiljlø
  • Planlegging og gjennomføring av aktivitetar for elevar både inne og ute

 

Bømlo kommune har ein stillingsinstruks for miljøarbeidarar som konkretiserar desse arbeidsoppgåvene.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
  • Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel
  • Andre med relevant erfaring eller utdanning kan også søkje og bli vurdert. 

Personlege eigenskapar

Me søkjer etter ein lagspelarar som er god til å samarbeide. Du må ha god relasjonskompetanse og vera  glad i å vera saman med barn. Du må kunne ta ansvar og jobbe sjølvstendig. Du må vera ein tydeleg og god rollemodell for elevane, vera fleksibel, løysingsorientert og tolmodig. Du må kunne legge til rette for og følgja opp leik og aktivitetar for elevar både inne og ute, i både skule -og sfo tid. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.

 

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk 
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
     

Andre opplysingar

  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med (tittel/namn til leiar for stillinga)

Kontaktinformasjon

Kari Østensen, 993 86 606

Arbeidsstad

Idrettsvegen 100

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune


Referansenr.: 4887712170

Stillingsprosent: 60%

Fast

Søknadsfrist: 05.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Idrettsvegen 100, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
381715295
Sist endret
25. nov. 2024 07:11