Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Tysnes kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiarar, open omsorg
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
I heimetenesta er me med på å sikre gode, heilskaplege og trygge tenester til pasientar og brukarar i deira eigen heim.
I takt med utviklinga i samfunnet, aukar kompleksiteten og behov i heimane til innbyggarane vårt. Det gir ein unik mogelegheit til å bruke fagkompetanse og tileigne seg god erfaring. Oppgåvene du vert tildelt vert tilpassa erfaring og kompetanse. Me ivareteke basale pleiebehov og utfører prosedyrar. Me følger opp pasientane i ein stabil kvardag og me fangar opp akuttsituasjonar og endringar i tilstand.
Me har eit godt arbeidsmiljø der latteren sitt laust og me hjelper kvarandre.
Arbeidsoppgåvene varierar og me har tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt. Du vil få tilpassa opplæring etter behov. Hos oss jobbar me i team og sjølv om dei fleste oppdrag vert utført sjølvstendig, er det alltid ein erfaren ansvarsvakt eller sjukepleiekoordinator som kan trygge og rettleie deg.
No søkjer me etter to nye medarbeidar med autorisasjon som sjukepleiar til ledige vikariat:
- 100% eit år frå 01.12.24
- 100% i perioden 01.01.25 - 31.12.25
Stillingane går i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Som sjukepleiar hos oss har du ansvar for å utføre og følge opp sjukepleiefaglege prosedyrar, observasjon, sjukepledokumentasjon, rapport mm.
- Samhandling med pårørande og andre instansar.
- Samarbeide tett med anna helsepersonell og delegere oppgåver ut i frå kompetanse.
- Utøve pleie og behandling til brukarane saman med det øvrige personalet.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
- Dele kunnskap, samt rettleie kollegaer, studentar og nytilsette.
- Medansvar for forvaltning av ressursane.
- Medisinhandtering og sørge for at legen sine medisinske forordningar vert utført.
- Behandle E- meldingar.
- Være ein god rollemodell og bidra til å følge verksemda sin visjon og mål.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Førarkort kl. B.
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
- Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er positivt.
- Gode grunnleggjande datakunnskap.
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert og har interesse for ny læring.
- Du trives godt når ingen arbeidsdagar er like, og du tar ansvar når det trengs.
- Du kan samarbeide på tvers av faggrupper.
- Du må kunne gi og ta rettleiing.
- Du er innstilt på nytenking.
- Du tar initiativ og ansvar.
- Du er fleksibel.
- Du likar utfordringar.
Vi tilbyr
- Fast stilling og vikariat.
- Turnusarbeid dag/kveld og 3.kvar helg.
- Fagmøter og sjukepleiarmøte fastsett i turnus.
- Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
- Spennande arbeidsplass med tenster i utvikling.
- Sjølvstendig og variert arbeid.
- Løn etter kommunalt regulativ.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Tysnes kommune er ei IA-verksemd.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Camilla Moss, Avdelingsleiar, 95 70 95 13, camilla.moss@tysnes.kommune.noMargrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95 70 95 13
Arbeidssted
5680 Tysnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Tysnes kommuneReferansenr.: 4885943808
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 08.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- 5680 Tysnes
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 381716269
- Sist endret
- 25. nov. 2024 07:12