Helgestillingar
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Miljøtenesta. Tilsetjing helgestillingar frå snarast
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om stillingane
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Anna
Miljøtenesta har ledig frå snarast/etter avtale:
- I inntil 22% fast helgestilling (arbeid kvar 4. helg)
- I inntil 15% fast helgestilling (prosenten kan verte delt opp etter ønske/behov turnus)
Miljøtenesta gjev tiltak og tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Tilbodet omfattar alt frå tenester heile døgnet til lettare miljøtenester for andre. Nokre av brukarane får sine tenester med utgangspunkt i eigen bustad. Mljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand i heile kommunen. Desse stillingane er i utgangspunktet knytt til Dalsøyra, men arbeid andre stadar kan også verte aktuelt.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert.
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og bidra til å skape ein trygg og god kvardag for dei
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjingg
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering husten 2024.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Gulafjordvegen 1521, 5960 Dalsøyra
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 381716382
- Sist endret
- 25. nov. 2024 07:11