Operasjonssykepleier

Arbeidsgiver
Seksjon for operasjon og sterilsentral, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Operasjonssykepleier
Frist
09.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du vår nye operasjonssjukepleiar?

 

Vi har hovudvekt på ortopedi, gynekologi og urologi, og i mai 2025 opnar det nye, moderne fellessjukehuset på Hjelset. Her vil SNR Kristiansund tilby ortopedisk dagkirurgi, og vi treng dyktige operasjonssjukepleiarar som deg til å bli med på laget!

Som operasjonssjukepleiar hos oss vil du få moglegheita til å jobbe på både Hjelset og Kristiansund i ein rotasjonsturnus. Fram til mai 2025 vil arbeidsstaden din vere i Kristiansund, der vi utfører avanserte inngrep som ryggkirurgi, skulderproteser, hofteproteser, kneproteser og mykje anna. Etter opninga av det nye sjukehuset vil du vere med på å forme framtida for ortopedisk dagkirurgi på Hjelset.

 

Vi ber om at vitnemål og evt attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid som operasjonssjukepleiar innan ryggkirurgi, skulderproteser, hofteproteser, kneproteser, urologi og gynekologi
  • Dagkirurgi

Kvalifikasjonar

  • Spesialsjukepleiar i operasjonssjukepleie

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig
  • Godt humør
  • Gode evner til samarbeid med andre yrkesgrupper

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Birgitte Arnøy, Seksjonsleder, +47 71121467

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4877619480

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 09.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
381719277
Sist endret
25. nov. 2024 07:20