Prosjektleiar byggeprosjekt Bygg- og eigedomsutvikling

Arbeidsgiver
Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Bygg- og eigedomsutvikling - Prosjektleiar byggeprosjekt
Frist
25.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å vere eit førebilete for korleis vi kan bygge framtidas berekraftige bygg. Kvart av prosjekta våre har eit høgt ambisjonsnivå med omsyn til klima og miljø, sosial berekraft og god prosjektøkonomi. Bygg- og eigedomstenestene har som ambisjon at kvart bygg vi sett opp skal vere litt betre enn førre gong. Dette betyr at vi heile tida må vere innovativ og modig i dei vala vi gjer, og at vi må kunne dokumentere resultatmåla vi sett oss.

Vil du bli ein del av et fagmiljø innan prosjektleiing av byggeprosjekt og ønskjer å bidra til utvikling i næringa kan vi være rette plassen for deg.


Arbeidsoppgåver

Som prosjektleiar for byggeprosjekt får du jobbe med planlegging og gjennomføring av ulike spennande byggeprosjekt. Dette inneber ansvar for å levere prosjektet med rett kvalitet, til rett tid og innafor kostnadsramme. 

Saman med vårt team vil du jobbe med strategiplanar, politiske saker og kunne ha fagleg ansvar innanfor eit eller fleire tema.

Kvalifikasjonar

Vi søker deg som har

  • relevant høgare utdanning på masternivå, til dømes sivilingeniør
  • erfaring frå prosjektstyring og prosjektleiing i byggeprosjekt
  • erfaring og kompetanse innan prosjekteringsledelse og ITB
  • god erfaring med bruk av digitale verktøy for dokumentasjon av byggeprosjekt i tråd med gjeldande nasjonale standardar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi vil også legge vekt på om du har god kompetanse innan eitt eller fleire av desse områda:

  • Modellering og informasjonssystematisering gjennom BIM
  • VDC
  • LCC
  • LCA
  • Berekraft

Personlege eigenskapar

  • arbeider systematisk og grundig
  • har gode samarbeidseigenskaper
  • har fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra ved behov
  • liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig og utviklingsorientert

Vi tilbyr

  • ei spennande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale 

Kontaktinformasjon

Bjørn Erik Hjelset, Avdelingssjef, 90519007

Arbeidsstad

Julsundvegen 49A

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune


Referansenr.: 4802569355

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.03.2025

Søknadsfrist: 25.11.2024

Sted
Julsundvegen 49A, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse, Ingeniør, Rådgivning
FINN-kode
381721574
Sist endret
22. nov. 2024 01:55