Vil du bli vår nye maskinsjef?

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Hareid-Sulesund, p.t. MF Hadarøy
Frist
09.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse


Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Hareid - Sulesund, p.t. trafikkert av vår flotte el-ferje MF Hadarøy.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel skiftordning: 2 veker på , og 1 veke av/ 2 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!

Søkjar må bu lokalt.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar og skal sørge for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Høgspentkurs
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein sjølvstendig og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Skiftordning: 2 veker på - 1 veke av/2 veker på - 3 veker av

Kontaktinformasjon

Tonje Natvik, Bemanningskoordinator, +47 90855987, tonje.natvik@fjord1.no

Arbeidsstad

Riksveg 61

6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS


Referansenr.: 4888867926

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.12.2024

Sted
Riksveg 61, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Teknisk personell
FINN-kode
381752601
Sist endret
22. nov. 2024 05:12