Saksbehandlar/ IKT- Konsulent ved oppvekstkontoret

Arbeidsgiver
Ål kommune Oppvekstsektoren
Frist
09.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du lyst på nye utfordringar? Har du høg digital kompetanse? Då har vi bruk for deg!

Vi har ledig inntil 100% vikariat ved oppvekstkontoret i perioden 01.01.25-31.12.25, med moglegheit for forlenging. Ca 60% av stillinga vil omfatte saksbehandlaroppgåver ved oppvekstkontoret. Ca 40% av stillinga vil innehalde IKT-oppgåver for heile oppvekstsektoren, med både brukerstøtte, opplæring, rådgjeving og utviklingsoppgåver.

Oppvekstsektoren omfattar totalt 13 avdelingar, med 5 skuler, 5 barnehagar, Ål Introsenter, Hallingdal leirskule og Ål kulturskule. Stab hos kommunalsjef oppvekst utgjer totalt 3 årsverk. Du finn meir informasjon om Ål kommune og oppvekstsektoren her: https://www.aal.kommune.no/.

Kvalifikasjonskrav:

  • høgskuleutdanning innanfor økonomi/administrasjon, HR, IKT, pedagogikk eller anna relevant fagområde
  • høg digital kompetanse
  • god økonomisk forståing

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Ønska kvalifikasjonar:

  • kjennskap til relevant lovverk
  • erfaring frå kommunal forvaltning

Personlege eigenskapar:

  • strukturert og nøyaktig
  • gode samarbeids – og kommunikasjonsevner
  • stor arbeidskapasitet
  • jobbar effektivt og sjølvstendig
  • fleksibel
  • god formidlingsevne, muntleg og skriftleg

Vi tilbyr:

  • ein utfordrande, spanande og variert jobb
  • eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • ein sektor med høg fagkompetanse og eit utviklingsorientert profesjonsfellesskap
  • moglegheit til å vere med på å utvikle oppvekstsektoren i Ål kommune

Politiattest og søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Ta kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga. Vi ser fram til å motta søknadan din!


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Torget 1, 3570 Ål
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Saksbehandler, Ledelse
FINN-kode
382157988
Sist endret
25. nov. 2024 07:38