Fagarbeidar Dalen barnehage - Vikariat
- Arbeidsgiver
- Tokke Kommune Sentraladministrasjon
- Stillingstittel
- Fagarbeider barnehage
- Frist
- 07.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
FAGARBEIDAR I BARNEHAGE
Tokke kommune har ledig frå 50 % og inntil 100 % vikariat som fagarbeidar i Dalen barnehage frå 01.01 -- 25 til 14.08 -- 25.
Andre med relevant utdanning/realkompetanse eller praksis kan òg søkje.
Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske innfallsvinklar.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt -- betre tverrfagleg innsats (BTI).
Barnehagane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande barnehage for alle, og ha eit godt miljø med mange aktivitetar for borna.
Frå hausten 2023 vart barnehagane i Tokke <>.
Mål: Fremje helse, trivsel og inkludering som grunnlag for læring og livsmestring. Dette gjennom fysisk aktivitet / bevegelseglede og kosthald /matglede
Dalen barnehage
Dalen barnehage er bygd for 108 plassar og stod ferdig november 2013, og me kan by på store, luftige areal inne og ute. Det er for tida 53 barn i barnehagen.
Barnehagen ligg nært til sentrum, med fine høve til å nytte flotte turområde, det er kort veg til bratte stiar, skog og vatn, kulturhus og idrettshall/ basseng.
I Dalen barnehage skal alle få oppleve å høyre til-, vennskap og leikegrupper er i fokus. Hjå oss skal ein god kvardag spegle seg i tid og rom til leik, omsorg og tryggleik.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Mona Båtnes, e-post: mona.baatnes@tokke.kommune.no eller mob.: 95 90 11 12
Me kan tilby:
· Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
· Eit godt arbeidsmiljø
· Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar
· Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Personlege eigeskapar:
· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
· Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg
· Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer
· Være ansvarsbevisst og sjølvstendig
Kvalifikasjonar:
· Godkjent utdanning som fagarbeidar
Andre (assistentar) kan òg søkje.
· Krav om norsk kunnskapar, etter barnehagelova §28
Om det blir ledig fleire stillingar vil ein nytte same søkjarliste.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 7. desember 2024
Velkomen som søkjar!
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Storvegen 60, 3880 Dalen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
- FINN-kode
- 382170289
- Sist endret
- 25. nov. 2024 01:49