Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Tysnes kommune
- Stillingstittel
- Ledig stilling som sjukepleiar
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Tysnes omsorgssenter ligg i nye, fine lokaler, i eit moderne bygg som stod ferdig i 2017. Me er oppteken av
pasientnært arbeid, og Hospital IT er eit av hjelpemidlane som gjev oss
meir kvalitetstid med bebuarane.
Tysnes omsorgssenter består av 30 institusjonsplassar, plassar til korttids- og
rehabiliteringsopphald og dagsenter for personar med demens. Me har óg
ein KAD-plass der det vert gitt tilbod om augeblikkeleg hjelp som
alternativ til innlegging på sjukehus.
Heimetenesta er lokalisert i samme bygg, og me har eit tett samarbeid for å sikre gode
tenester og eit heilskapleg pasientforløp.
Stabil tilsettgruppe og godt samhald
Me har ei stabil og faglig trygg gruppe tilsette med eit godt samhald. Her kan du lese meir om kva me verdsetter i arbeidsmiljøet her hos oss.
Me søkjer no etter ny kollega til 80% fast stilling som sjukepleiar - er det deg?
Her kan du sjå deg rundt i våre lokaler (fungerar best på pc eller på mobil med wi-fi)
For andre stillingar sjå www.tysnes.kommune.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg ansvar for pleie- og omsorg relatert til bebuarane.
- Sjukepleiarfaglege oppgåver og vurderingar.
- Miljøarbeid og observasjon av ADL-ferdigheiter.
- Lage og følgje opp pleieplanar og prosedyrar.
- Deltaking i gruppemøter, dagleg rapportering og ulike fagmøter.
- Rettleiing av personalet og tverrfagleg samarbeid.
- Pårørandesamarbeid.
- Dokumentasjon i CosDoc.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er eit ønskje.
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste.
- Gode grunnleggjande datakunnskap.
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Du ser verdien av ei heilskapleg og personsentrert omsorg, og fordelar med aktivitet og mobilisering av brukarane sine ressursar.
- Du brenn for faget, tek ansvar og arbeider målretta med pasientplanar, og oppfølginga av desse.
- Du er vennleg og tillitsvekkande, fleksibel, viser initiativ, og er delaktig i utviklinga for godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
- Du har pågangsmot, har løysingsfokus og gode samarbeidsevner.
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 80 %.
- Turnusarbeid, dag/kveld med arbeid kvar 3. helg.
- Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
- Løn etter kvalifikasjoner.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
- Høve for flyttegodtgjerdsel ved fast tilsetjing.
- Ein arbeidsplass som har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 95 17 68 46Hilde Marie Flakke, Konst. kommunalsjef helse og omsorg, 99 36 36 46
Arbeidsstad
5685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tysnes kommuneReferansenr.: 4884355853
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 5685 Uggdal
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 382186028
- Sist endret
- 25. nov. 2024 02:20