Heimetenesta
- Arbeidsgiver
- Øygarden kommune Heimetenesta
- Stillingstittel
- Heimehjelp 60% Fast
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Om avdelinga:
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske avdelingar. Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent helsefagarbeidar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Det vert no lyst ut etter 60% stilling fast for heimehjelp i heimetenesta. Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig.
Arbeidsoppgåver:
- Utføring av reinhaldsoppgåver i brukar sin heim
- Arbeid på helg i heimesjukepleien
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Ønskjeleg med fagbrev innan reinhald
- Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Førarkort for bil
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Erfaring frå arbeid i heimetenesta eller arbeid med eldre
- Krav om framlegg av politiattest
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- 60% fast stilling der 20% ligg i timebank.
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Ass. Einingsleiar Kate S Løland 950 71 12
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald og at våre tilsette skal visrfolkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 382187308
- Sist endret
- 25. nov. 2024 11:22