Helsesekretær/sekretær til 100% fast stilling
- Arbeidsgiver
- Kombinasjonsstilling mellom Hjarteavdelinga og Bemanningssenteret i Helse Bergen
- Stillingstittel
- Helsesekretær/Sekretær. 100 % fast stilling
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Hjarteavdelinga har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig fast stilling i 100% som helsesekretær/sekretær. Pt. er 50% av stillinga ved Hjarteavdelinga medan 50% er ved Bemanningssenteret. Arbeidsoppgåver og arbeidsstad ved Hjarteavdelinga vil vere ved Hjarterehabiliteringa sine lokale i Møllendalsbakken. Stillinga er ledig frå 06.01.2025.
Hjarteavdelinga er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdomar er samla. Avdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Behandlingsmetodar er i stadig utvikling og forskingsaktiviteten er høg.
Hjarteavdelinga har to store sengepostar (hjartemedisinsk og thoraxkirurgisk), ei intensiv- og overvakingseining (MIO) samt eining for hjarteintervensjon m/ ambulantstove, poliklinikk, operasjonsstove, 5 behandlingslaboratorier og ein CT lab. Vi har også Hjarterehabilitering.
Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå som formidlar personell til alle avdelingar i føretaket for kortare og lengre oppdrag. Den som blir tilsett vil i 50% av stillinga bli nytta i avdelingar der det er behov for sekretær for kortare eller lengre periodar.
Arbeidsoppgåver
- Hovudoppgåva vil vere å jobbe i eit team med planlegging og timebestillingar poliklinkk
- Oppgjer poliklinikk
- Halde kontroll på ventelistar mm
- Tett tverrfagleg samarbeid
- Diverse oppgåver og støtte til legar og sjukepleiarer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som Helsesekretær eller utdanning som sekretær
- God generell IKT-kunnskap og systemforståing er nødvendig, fordel med kunnskap i DIPS, Imatis og Libra
- God kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt
- Du har gode samarbeidsevner og bidrar til godt arbeidsmiljø
- Du trivast i eit aktivt, travelt og endringsorientert miljø
- Du legg vekt på fagleg og personleg læring/utvikling
- Du er fleksibel på arbeidsoppgåver og arbeidsstad i avdelinga
Vi tilbyr
- Varierande arbeidsoppgåver i eit triveleg og godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande oveireinskomst
- Kurs og opplæring ved behov
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anita Isaksen, Spesialsjukepleiar Hjarteavdelinga, 55973540, anita.isaksen@helse-bergen.noGeir Atle Myrmoen, Ass.ad.dir, 55972174, geir.atle.myrmoen@helse-bergen.no
Sigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, 90740524
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4887428417
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Møllendalsbakken 9A, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Kontor og administrasjon
- FINN-kode
- 382205418
- Sist endret
- 25. nov. 2024 01:03