Saksbehandlar/Reiseplanleggar

Arbeidsgiver
Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Saksbehandlar/Reiseplanleggar
Frist
05.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du klar for ei ny og spennande utfordring?
Seksjon for pasientreiser i Ålesund har ledig 100% fast stilling som saksbehandlar/reiseplanleggar.

Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil-, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.

Bli ein del av vårt dynamiske team på ca. 18 årsverk, der du vil jobbe med saksbehandling, brukarstøtte og reiseplanlegging. Kvart år planlegg og utfører vi 220.000 rekvirerte transportar langs veg og i lufta. Du vil få moglegheita til å rettleie pasientar, rekvirentar og transportørar i systembruk, rettar og regelverk.

Intern omrokkering kan også gje andre ledige stillingar. Søk no og bli ein del av vårt engasjerte team!

Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!


Arbeidsoppgåver

  • Fagleg, god og omsorgsfull forvaltning av pasientrettar
  • Rettleiing,  innhenting av informasjon og saksbehandling
  • Brukarstøtte, rekvisisjonsbehandling, reiseplanlegging og opplæring
  • Koordinering og oppfølging av transportar og transportørar
  • Aktiv deltakelse i forbetringsarbeidet i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • God meistring av digitale kontorstøtteverktøy
  • Sosialt anlagt, trivast med relasjonsbygging og trygg i møte nye menneske
  • Fullført vidaregåande utdanning

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt og sjølvgåande
  • Du har evne til å meistre stress og vanskelege situasjonar
  • Du er målretta og ansvarsfull, med eit sterkt ynskje om å lykkast
  • Du opplever kvardagen med pasienttransport interessant og givande
  • Du tar medansvar for eigen fagleg utvikling 

Personleg eignaheit for stillinga vert vektlakt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Tore Paulsen, Avdelingssjef, +47 90085217, Tore.Paulsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsebøen 1

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4887867744

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Åsebøen 1, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Saksbehandler, Koordinering
FINN-kode
382211445
Sist endret
26. nov. 2024 07:00