Vernepleiar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Vernepleiar
Frist
12.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.

Vi har no ledig ein stilling som miljøterapeut i 75% knytt til avlastingstilbodet i eininga.  Stillinga er delt mellom fagadministrativt arbeid på dagtid, ambulante tjenestar og arbeid i langvakter på inntil 12,5 time og arbeid kvar 4. helg.

Hovudmålet for avlastingstilbodet er å gje eit trygt og godt sted for barnet / ungdommen, og at foreldra skal oppleve reell avlasting under oppholdene. Vi vil også vere ein god lagspiller for den einskilde familie. God omsorg, meiningsfulle aktivitetar og utvikling hos den einskilde vil stå i fokus. Avlasting er ein spanande arbeidskvardag kor du blir kjent med mange barn med ulike behov og utfordringar, ingen dag er lik! Det gjer at vi må vere fleksibel og ha eit høgt fagleg fokus.


Arbeidsoppgåver
  • Miljøterapeutisk arbeid i møte med det enkelte barn/ungdom
  • Legemiddelansvar
  • Legemiddelhåndtering på tvers av bu- og avlastingstenesta
  • Tett samarbeid med avdelingsleiar og fagkoordinator for å sikre fagleg og forsvarleg drift, samt bidra til god informasjonsflyt i avlastningsbustaden
  • Rettleiing av kollegaer
  • Rettleie familiar og barn i deira kontakt med tenestane
  • Medverke til faglig kompetanseheving og utvikling av personalgruppen
  • Delta i kartleggingsprosesser knytt til søknad om avlastningstjenester, og besøksheim 
  • Delta i utforming av vedtak om avlasting
  • Delta i planlegging og utarbeiding av døgnfordeling avlasting saman med fagkoordinator/avdelingsleiar
  • Samarbeid og kontakt med pårørande, deltaking i samarbeidsmøter / ansvarsgruppemøter, oppfølging av individuelle planer
  • Moglegheit for å vere koordinator med ansvar for å lede ansvarsgruppemøter/samarbeidsmøter/ utarbeide individuell plan
  • Tverrfaglig samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
  • Sikre skriftleg dokumentasjon og journalføring i henhold til kommunens krav
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgaver frå leiar

Vi tilbyr
  • Ein fagleg utfordrande stilling
  • Gode påverknadsmuligheter
  • Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og instansar
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsvillkår
  • Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav
  • Vernepleier evt. sjukepleiar med erfaring med brukergruppa
  • Erfaring frå avlastningsbustad er en fordel
  • Erfaring og kunnskap om tverrfagleg samarbeid og god kjennskap til kommunale helse- og omsorgstenester
  • Kjennskap og erfaring frå arbeid med barn og unge med utviklingshemming og autisme
  • Kjennskap og erfaring med epilepsi
  • Kjennskap og erfaring med forebyggande arbeid og handtering av utfordrande atferd
  • Kjennskap og erfaring med Helse og omsorgstenestelova Kap.9 og Pasient og brukerrettighetslova Kap.4 A
  • God systemforståelse og kunnskap om dataverktøy ifm. rapportering, avvikshandtering, legemiddelhandtering
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
  • Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språkferdigheter tilsvarande B2. Gjeld ikkje søkjere med skandinavisk språk som morsmål

Personlege egenskapar
  • Engasjement og fagleg fokus
  • Du kommuniserar tydeleg, og er god på å lytte og veilede
  • Du viser respekt og er raus i møte med barna / ungdommane og har et ønske om å sjå det positive og mulighetene i hver enkelt
  • Tålmodighet og ro i arbeidet med barna/ ungdommene og evne til å ta deira perspektiv
  • Kunne skape gode relasjoner med pårørande i ein sårbar situasjon, vise forståelse for deira situasjon
  • Vere ein trygg, tillitsskapande og tydeleg vaksen
  • Kunne takle hektiske arbeidsdagar med uforutsette hendingar
  • Høg etisk bevisthet og evne til kritisk refleksjon
  • Lojal mot beslutninger som treffes
  • Bidra til å gjøre kollegaene dine gode og gi kollegastøtte i krevjande situasjoner
  • Du har eit godt humør, er fleksibel og løsningsorientert
  • Du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig mot gitte mål og tidsfristar
  • Du må ha ei løysningsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet Personleg egnethet vil bli tillagt stor vekt

    Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetting.

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
382216384
Sist endret
25. nov. 2024 02:14