Høgskulelektor i pedagogikk/spesialpedagogikk
- Arbeidsgiver
- Høgskulen i Volda
- Stillingstittel
- Høgskulelektor i pedagogikk/spesialpedagogikk
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Institutt for pedagogikk er det ledig inntil fem faste stillingar som høgskulelektor i pedagogikk/spesialpedagogikk. To av stillingane har oppstart 01.02.25, dei tre andre frå og med 01.08.2025.
Kvalifikasjonar, utdanning og kompetanse
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
Den som vert tilsett må
- ha solid kjennskap til pedagogikk eller spesialpedagogikk som fag og vitskapsfelt
- kunne arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
- ha gode samarbeids- og formidlingsevne
- vere personleg eigna for stillinga.
- ha høgt etisk medvit i møte med studentar
- kunne bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
- meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk
Den som vert tilsett bør
- ha kompetanse innan eitt eller fleire av fagområda rettleiing, fleirkulturell pedagogikk, yrkesdidaktikk og/eller spesialpedagogikk
- ha kunnskap om og erfaring frå praksisfelta
- kunne dokumentere relevant kompetanse i og erfaring frå forsking, undervisning og formidling i pedagogikk
For tilsetjing som høgskulelektor må søkjaren ha mastergrad/hovudfag i pedagogikk eller spesialpedagogikk.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å tilsetje i kvalifiseringsstilling for høgskulelektor. Tilsetjinga vert då mellombels i inntil to år. Ved utgangen av denne perioden har den tilsette rett på å bli vurdert for fast tilsetjing i stillinga, Jf. Forskrift til universitets- og høyskoleloven §3-9.
Arbeidsfelt
Stillingane inneheld oppgåver knytt til undervisning, rettleiing, formidling, forskings- og utviklingsarbeid. Vi søker medarbeidarar som kan bidra innanfor alle arbeidsområda våre. Undervisning i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, praktisk-pedagogisk utdanning, rettleiarutdanning og mastergradene i spesialpedagogikk og barnehagekunnskap er sentrale oppgåver. I tillegg bidreg fagmiljøet i tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i barnehage og skule, der vi har rolla som utviklingspartnar. Instituttet er involvert i fleire forskingsprosjekt og har god publiseringsaktivitet. Det er venta at alle tilsette er aktive medlemmer i ei av forskingsgruppene ved høgskulen.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn frå kr 565900-749049,- i stillingskode 1008 høgskulelektor ved Høgskulen i Volda.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte instituttleiar Kari Leikanger Buset, tlf. 70 07 54 88/ 917 47 887, e-post: kari.leikanger.buset@hivolda.no eller dekan Silje Ims Lied tlf. 70 07 52 94/ 468 04 958, e-post: silje.ims.lied@hivolda.no
Om avdelinga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning tilbyr grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning, praktisk pedagogisk utdanning, ulike fagutdanningar og mastergradstudium med spesialiseringar i matematikk, norsk, spesialpedagogikk eller barnehagekunnskap, samt eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- Joplassvegen 11, 6103 Volda
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 382223178
- Sist endret
- 25. nov. 2024 03:02