Miljøarbeidar - vikariat  - tilrettelagt avdeling ved Fyllingsdalen videregående skole

Arbeidsgiver
FYD - Avd. SPR/TO, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Miljøarbeidar - vikariat- tilrettelagt avdeling ved Fyllingsdalen videregående skole
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Fyllingsdalen videregående skole (FYD) er ein vidaregåande skule med utdanningsprogramma studiespesialisering – toppidrett - musikk, dans og drama (studieførebuande) - helse- og oppvekstfag (yrkesfag og studieførebuande) - påbygg til generell studiekompetanse. I tillegg har skulen nettundervisning 
for fysisk syke og ei tilrettelagt avdeling for 20 elevar med særskilte behov. Skulen har om lag 580 elevar og 100 tilsette. 
 
Fyllingsdalen videregående skule har eit personale med høg kompetanse på sine ulike yrkesfelt, stor grad av fagleg samarbeid og høg trivsel både blant tilsette og elevar. Skulen ligg i flotte nyoppussa lokale like ved bybanen og Oasen kjøpesenter og har som mål å vera den føretrekte skulen for elevar i Fyllingsdalen og Bergen vest.

Behov: 1 - vikariat i 89% stilling som miljøarbeidar varigheit - frå 02.01.25 - 20.06.25

             2-  Fleire ringevikarar som miljøarbeidarar


Arbeidsoppgåver

* Være ein trygg vaksen som bidreg til læring, aktivitet og trivsel for elevane våre gjennom skuledagen. 
* Være med å organisere og gjennomføre aktivitetar og læringsøktar. 
* Ha tilsyn med elevane i pauser og aktivitetar. 
* Delta aktivt i danse- og kroppsøvings timar.

Vi ønskjer å knytte fleire ringevikarar til skulen og TIV (tilsyn i vidaregåande). Arbeidstid er 08.00 - 15.30, men kortare oppdrag kan også bli avtalt etter behov. Moglegheit for kortare og lengre vikaroppdrag, heile og halve dagar. 

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med;

* fagbrev innan barn- og ungdom eller helsefagarbeid, men relevant erfaring og anna kompetanse vil også bli vurdert. 

* gode språkferdigheiter i norsk og gode digitale ferdigheiter .

* arbeidserfaring frå barnehage, skule eller forsterka avdeling/tilrettelagt. 

    Gyldig politiattest krevjast ved tiltreding. 

Personlege eigenskapar

* Vi treng ein stabil, raus og trygg vaksen. 

* gode samhandlingsevner med både vaksne og elevar.

* er trygg i møte med alle elevar, sjølv om dei utfordrar 

* høy arbeidskapasitet og motivasjon til å bidra til eit godt skulemiljø.

* forutsigbar og ansvarsfull

* positiv og godt humør.

* leken, aktiv og framoverlent.

Vi oppfordrar menn til å søkja da det er overvekt av gutar på avdelinga. 

Vi tilbyr

Vi tilbyr; 

* ein inkluderande arbeidsplass med mykje arbeidsglede.

* Fagleg og personleg utvikling.

* lønn etter avtaleverket.

Kontaktinformasjon

Signe Zora Pettersen, avdelingsleiar, +47 93811442

Arbeidsstad

Shetland-Larsens vei 23

5143 Fyllingsdalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4887507296

Stillingsprosent: 89%

Vikar

Startdato: 02.01.2025

Sluttdato: 20.06.2025

Søknadsfrist: 04.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Shetland-Larsens vei 23, 5143 Fyllingsdalen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
382224468
Sist endret
25. nov. 2024 03:12