Professor II eller førsteamanuensis (20% ekstraerverv "bistilling") i medisin

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Professor II eller førsteamanuensis (20% ekstraerverv "bistilling") i medisin
Frist
17.12.2024

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Professor II eller førsteamanuensis II i medisin

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig ei mellombels stilling som professor II eller førsteamanuensis (20 %, ekstraerverv (bistilling)) for ein periode på to (2) år. Stillinga er knytt til prosjektet Oral-Dem-Oral Helse som er ein del av prosjektet "Identifisere livets siste fase hos personar med demens ved hjelp av sensorteknologi (5-D)". Mål av denne studien er tidleg påvising av orale lesjonar hos personar med demens for å auke vår forståing av den underliggjande orale smerten og symptom relatert til denne sjukdomen. Dette vil bidra til å gi betre munnstell i livets slutt og redusere ulike komplikasjonar som blødingar og infeksjonar. Kontinuerleg oral helsetilstands overvaking hos personar med demens frå innlegging i sjukeheim og i livets sluttfase er derfor viktig for å hjelpe helsepersonell med å vurdere smerte og andre plagsame symptom relatert til munnvev. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innanfor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. 


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til PhD rettleiing for datainnsamling i Oral-DEM prosjektet, inkludere innsamling av oral helse kliniske data, biologisk material samt rettleie PhD- student i laboratorium analyse av dette materiale. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse og har norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato. Søkjarar med forskingserfaring innan laboratorieforskingsdisiplinar  er eit krav. Den føretrekte søkjaren må ha erfaring med orale sjukdomsdiagnosar og oral biologiske prøvebehandling og analyse (plakk, spytt av  gingival væske). Han/ho må ha erfaring med å arbeide med laboratorieinstrument som brukast til analyse av orale prøver og dei naudsynte metodane (gen og protein analyse, PCR, ELISA, Multiplex ). Søkjarar som har erfaring med å koordinere forskingsaktivitetar i store forskingsgrupper - inkludert budsjettering og rapportering - er spesielt velkomne til å søke denne stillinga. Søkjarar må dokumentere gode resultat innan ekstern finansiering og også kunne vise til eit veletablert nasjonalt/internasjonalt nettverk.  Søkjar må òg fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse. 

Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknadar og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagt ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.  


Vi tilbyr:
  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Professor:
    Løn er for tida kr 919 200 (kode 1013, lønssteg 82). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Førsteamanuensis:
    Løn er for tida kr 720 100 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 72-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.  

 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Bettina Husebø, e-post: bettina.husebo@uib.no; mobil +47 48094660.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell
FINN-kode
382224928
Sist endret
25. nov. 2024 03:15