Helgestillingar som kjøkkenassistent
- Arbeidsgiver
- UWC Røde Kors Nordisk
- Stillingstittel
- Helgestillingar som kjøkkenassistent
- Frist
- 04.12.2024
Beskrivelse
HELGESTILLINGAR SOM KJØKKENASSISTENT - 21,12 % og 14,08 % fast stilling
Vi har ledige helgestillingar som kjøkkenassistent ved UWC RCN frå starten av januar 2025.
Stillingane inneber arbeidsøkter annankvar eller tredjekvar laurdag og sundag, og passar for deg som er fleksibel, som likar å jobbe i lag med andre og som er oppteken av å yte service.
Arbeidsoppgåvene på kjøkkenet inneber hovudsakleg å hjelpe kokkane våre med å førebu produksjon av mat, samt servere og vaske og rydde opp i samband med dei faste måltida ved skulen.
Stillingane kan også høve for unge kandidatar over 16 år, og kandidatar med hol i CV-en, som har lite eller inga utdanning eller som har lite eller inga arbeidserfaring.
Kvalifikasjonar:
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
- Du må kunne kommunisere munnleg på norsk og engelsk, men dagleg arbeidsspråk er norsk.
- Løn etter KS tariff
- Tilgang til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter sine basseng og treningsrom
- Tilgang til ulike utandørsaktivitetar, organisert gjennom skulen
Dersom du har spørsmål til stillinga kan du kontakte Operational Service Manager Ainor Naustdal på tlf.: 917 09 715 eller på e-post: ainor.naustdal@uwcrcn.no.
Søknadsfrist er 04.12.2024, med tilsetjing frå 01.01.2025.
Ein må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar før ein kan ta til i stillinga.
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- 6968 Flekke
- Stillingsfunksjon
- Annet, Mat og servering, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 382308848
- Sist endret
- 26. nov. 2024 07:44