Lærar/spesialpedagog

Arbeidsgiver
ASA - Avd. HTH/HTA, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar/spesialpedagog
Frist
10.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Åsane vidaregåande skole flytta inn i nye lokale august 2020.  Lokala ligg sentralt plasserte mellom Åsane senter og Horisont.  Skolebygningen inneheld mange forskjellige interesseområde i tillegg til vidaregåande skole.  Blant anna bibliotek, tannhelseteneste, rettleiingsteneste og Åsane og Arna kulturkontor.  Ved oppstart august 2022 har vi ca. 1500 elevar, deltakarar i vaksenopplæringa og i fengselseopplæringa.  Vi tilbyr opplæring innan helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, elektrofag, byggfag, salg, service og reiseliv, idrettsfag og påbygg til generell studiekompetanse i tillegg til opplæring i små grupper for elevar med særskilde behov.

Skolen arbeider ut frå visjonen «sammen gjør vi hverandre gode» og vårt mål er at våre elevar gjennom daglege trivsels- og meistringsopplevingar skal oppnå økt motivasjon og lærelyst, slik at dei er best mogleg førebudd for livet vidare.

Stillingane er på tilrettelagt avdeling for elevar med særskilte behov (kvardagslivstrening), der elevane får individuelt tilpassa spesialundervisning i lita gruppe etter individuell opplæringsplan (IOP). 

Det er 2 lærarstillingar ledig frå 1.1.25

Menn vert oppfordra om å søkje.


Arbeidsoppgåver

 

Læraren vil ha ansvaret for å utarbeide individuell opplæringsplan (IOP) for kvar elev og gje opplæring i henhold til denne. Hovudfokuset i opplæringa er på emosjonsregulering, skape tryggleik, kommunikasjon, øve opp sjølvstendigheit, trene sosial kompetanse og elevmedverknad.

Undervisninga er strukturert i grupper på 4-5 elevar med bemanning av lærar og miljøfagarbeidarar. Ein brukar ulike arenaer både inne og ute. Opplæringssituasjonane består av både gruppeundervisning og individuell undervisning der målet er at elevane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter slik at dei får best mogleg føresetnader for å meistre kvardagen med utgangspunkt i eige funksjonsnivå.

Kontaktlærarfunksjon kan bli tillagt stillinga. Dette inneber å leie si undervisningsgruppe, koordinering og samarbeid med foresatte og ulike instansar knytt til den enkelte elev.

Kvalifikasjonar

 

Den som vert tilsett i stillinga må ha pedagogisk utdanning og relevant utdanning frå høgskule eller universitetsnivå, helst lektorutdanning. Det er krav om spesialpedagogisk kompetanse.

Det er viktig med erfaring i bruk av digitale læringsverktøy og godt kjennskap til ASK (Alternativ Supplerande Kommunikasjon).

Det vil vektleggast at ein har relevant praksis frå tilsvarande avdeling og erfaring frå elevar med utviklingshemming, i autismespekteret og/eller andre diagnosar.

For å bli tilsett i skulen må søkjar legge fram godkjent politiattest. 
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jfr. opplæringslova.

Alle faste nytilsettjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med 6 månader prøvetid.

 

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at den tilsette skal vere raus, tydeleg, sjølvstendig, fleksibel og ha evne til å bygge gode relasjonar. 

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.

Lønn etter off. regulativ i samsvar med utdanning og praksis.

Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Kontaktinformasjon

Idar Kløvning, avdelingsleiar, 97094361

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4889592394

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.01.2025

Søknadsfrist: 10.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5116 Ulset
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
382319433
Sist endret
26. nov. 2024 09:42