Kontaktperson/miljøterapeut
- Arbeidsgiver
- Barnevern, Gloppen kommune
- Stillingstittel
- Kontaktperson/miljøterapeut
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Barnevernstenesta i Gloppen har ledig ei fast 100 % stiling som kontaktperson/miljøterapeut med verknad frå snarast.
Tenesta har frå 1. januar fem stillingar, inkludert leiar, og treng i tillegg ein ny medarbeidar for å løyse dei lovpålagte oppgåvene knytt til sakshandsaming, tiltak og akuttberedskap. Vi samarbeider med nabokommunane Stad og Stryn om akuttberedskapen.
Vi er i ein prosess med å definere kva oppgåver som skal ligge til kontaktperson, og kva miljøterapeut som jobbar med tiltak i familiane skal ha ansvar for. Kva arbeidsoppgåver som blir lagt til den utlyste stillinga, er difor avhengig av korleis kompetansen hos ny tilsett utfyller kompetansen vi allereie har i teamet.
Barneverntenesta er samorganisert med helsestasjonen og skulehelsetenesta, PPT, psykisk helseteneste og fysio- og ergoterapitenesta i Familiehuset.
Aktuelle arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter barnevernslova
- Arbeid med undersøkingar og tiltak i heim og fosterheim og dokumentasjonsarbeid knytt til dette
- Deltaking i tenesta si akuttvaktordning
- Tverrfagleg og tverretatleg arbeid
- Deltaking i utviklingsarbeid i tenesta
- Noko arbeid utover vanleg arbeidstid må påreknast
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i sosialt arbeid eller barnevern, eller bachelorgrad i same fagfelt med relevant vidareutdanning
- Søkjarar med annan relevant høgskuleutdanning på bachelornivå og erfaring frå kommunal barnevernsteneste kan bli vurdert
- Erfaring frå direkte arbeid med barn og unge er ein fordel
- Forvaltningskompetanse og juridisk forståing
- Sertifisering i evidensbaserte metodar for foreldrerettleiing
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er open og audmjuk i møte med barn og føresette og legg til rette for eit godt samarbeid
- Du har god evne til fagleg refleksjon
- Du arbeider strukturert og målretta og har god gjennomføringsevne
- Du er fleksibel, har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Utfordrande og miningsfylte oppgåver i eit aktivt, engasjert og kompetent fagmiljø
- Mogleg tilbod om utdanning til PMTO-terapeut i 2025
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Fleksitid
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar barnevern, +47 977 77 389Hilde Nødset, Tenesteleiar familiehuset, +47 979 91 071
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4888196161
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Barnevernspedagog, Sosionom
- FINN-kode
- 382336255
- Sist endret
- 26. nov. 2024 11:46