Er du assistent eller helsefagarbeidar og engasjert i eldreomsorg?
- Arbeidsgiver
- Osterøy kommune
- Stillingstittel
- Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestilling som personleg assistent
- Frist
- 18.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.
Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar som personleg assistent til ein av pasientane våre. Meir informasjon om stillinga får du ved å henvenda deg til kontaktpersonen vår. Stillinga som er ledig er ei fast stilling i 17,37%, kvar 3 helg. det vil verte moglegheit for ekstravakter
Kven søkjer vi etter?
Me søkjer etter deg som trives med å jobbe med prosedyrer og nytte deg av tekniske hjelpemidler. Du må like å ha ansvar, men bør også like å arbeida i eit team. Du må evne å opprette god relasjon til både pasienten du har spesiellt ansvar for og dine kollegaer.
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
- Ei spanande og gjevande stilling
- God opplæring
- Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Heilskapeleg omsorg og pleie
- Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
- Prosedyrer som inkluderer medisinsk/tekninsk utstyr
Kvalifikasjonar
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Fagbrev som helsefagarbeider er ynskjeleg, men andre kan også søkja
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Personleg egnaheit vil verte vektlagt
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 382353482
- Sist endret
- 26. nov. 2024 12:50