Er du assistent eller helsefagarbeidar og engasjert i eldreomsorg?   

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar ved Osterøytunet korttidsavdelinga
Frist
18.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65  plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.  Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar på korttidsavdelinga.

På somatisk korttidsavdeling er det ledig fast stilling i 14,08%, kvar 3 helg.

Me har starta prosjektet "Tid for handling", der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse og har nyleg starta med sjukepleiarteam. Som assistent har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og  dagleg drift av gruppa. 


Kven søkjer vi etter?

Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! 

Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 


Vi tilbyr deg
  • Ei spanande og gjevande stilling
  • God opplæring
  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

Arbeidsoppgåver
  • Heilskapeleg omsorg og pleie
  • Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
  • Målretta miljøarbeid.

Kvalifikasjonar
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk 
  • Fagbrev som helsefagarbeider er ynskjeleg, men andre kan også søkja
  • Personleg egnaheit vil verte vektlagt

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
382353483
Sist endret
26. nov. 2024 12:48