ID 961 Barnehagelærar 100 % vikariat Fitjar og Dåfjorden naturbarnehage

Arbeidsgiver
Fitjar og Dåfjorden Naturbarnehage
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
08.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Frå 01.01.25 til 30.06.25 er det ledig eit vikariat 100 % stilling som barnehagelærar i Fitjar og Dåfjorden barnehage med høve til forlenging om det blir naudsynt. Dersom den ein er vikar for skulle komme tilbake så kan ein bli sett inn i vikariat i ein av dei kommunale barnehagane i kommunen.

Fitjar naturbarnehage ligg like utanfor Fitjar sentrum, og har tre avdelingar med 29 barn til saman. Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Fitjarstølane. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til turområde i utmark, skog og fjell. Barnehagen er nyoppstarta i desse lokala, men er ei vidareføring av drifta som var i FUS - Fjellheim friluftsbarnehage i Øvrebygda. Barnehagen skal etterkvart tilbake til Øvrebygda, og saman med Øvrebygda skule vere ein del av eit oppveksttun.

Dåfjorden Naturbarnehage ligg i Selevik grend og har tilgang til flotte naturomgjevnader, fjell og sjø. Dåfjorden Naturbarnehage er ein kommunal barnehage frå hausten 2024. Bedehuset i Dåfjorden er base for barnehagen. Barnehagen har 9 barn.

Barnehagane har ein friluftsprofil kor dei er ute store delar av dagen, og dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø.


Me søkjer etter medarbeidarar som har:
  • 3-årig barnehagelærarutdanning

  • Kunne ta del i det pedagogiske arbeidet på avdelinga, og vera med på å motivera medarbeidarar til utvikling og målretta arbeid til det beste for barna

  • Har stor interesse for friluftsliv og evne til å engasjera barna i utandørs aktivitetar

  • Er ein positiv lagspelar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • Kan bidra til at barn opplever meistring og glede i kvardagen

  • Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig

  • Er fleksibel, viser arbeidsglede og har god relasjonskompetanse

  • Har evne og vilje til å engasjera deg i leiken på det nivået barna treng deg

  • God IKT kompetanse


Me kan tilby:
  • Personleg og fagleg utvikling

  • God offentleg tenestepensjon i KLP

  • Løns- og avtalevilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål kring stillinga kan rettast til etatssjef for oppvekst og kultur André Sæthre, telefon 400 43 230.

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
382356218
Sist endret
26. nov. 2024 01:06