Barne- og ungdomsarbeidar/assistent

Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Frist
12.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å utvikle barnehagen vår?

Me søkjer etter kollegaer som evnar å skape gode relasjonar og trygg tilknytning til barna, og tillit og tilhøyre blant barn og vaksne. Du må vere oppteken av å gje barna positiv merksemd og oppmuntring, og sjå deira styrke som ein moglegheit. Vår nye kollega må kunne lytte, vere open og inkluderande i kommunikasjon med barn, kollegaer og foreldre. I samspel med kollegaer må du bidra til eit positivt miljø for alle.

Me tilbyr eit aktiv arbeidsmiljø med fagleg engasjerte og dyktige kollegaer. Heile personalgruppa bidreg til å skape gode arenaer for leik, læring, glede og tryggleik, og vårt mål er å jobbe etter visjonen vår: glade vaksne - glade barn! 

For tida har me ledig tre stillingar, ein 100% fast, ein 20% fast og eit 20% vikariat ut juli 2025, (dei to på 20% bør kombinerast) som barne- og ungdomsarbeider i Tysnes kommune, Stjernereiso barnehage. Tiltreding 01.12.24 eller etter nærmare avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg til det enkelte barn og barnegruppa
  • Vise initiativ med barna og utføre dagelge rutinar
  • Planleggja, gjennomføra og evaluera barnehagen sine aktivitetar
  • Gjennom eigeninnsats bidra til at arbeidsoppgåvene blir løyst på best måte
  • Bidra til godt foreldresamarbeid
  • Halde deg fagleg oppdatert og dele erfaringar med kollegaer
  • Aktiv deltakar i team og kollegasamarbeid 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Assistent med bred erfaring frå barnehage kan også vurderast for stillinga
  • Erfaring frå barnehage er ønskjeleg
  • Grunnleggande forståing for og evne til å bruke IKT som verktøy
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar
  • Trygg, varm og omsorgsfull vaksen som set grenser
  • Evnar å ta barneperspektivet, legge til rette for og deltek i barn sin leik og utvikling
  • Har gode evner til å samarbeide og søke ei felles forståing
  • Fagleg engasjert og oppteken av utvikling
  • Fleksibilitet, positiv og initiativrik
  • Sjølvstendig og strukturert med evne til å gjennomføre

Me tilbyr

  • Stillingsstorleik: 100 %,  vikariat
  • Faglege utfordringar i eit spanande og positivt arbeidsmiljø
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Gode pensjonsordningar gjennom SPK
  • Løn etter kommunalt regulativ
  • Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, og har gode rutinar for oppfølging  
  • Den som vert tilsett må levera gyldig politiattest, jf. barnehageloven § 30
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt

Kontaktinformasjon

Wenche Fagerbakk, Einingsleiar barnehage, +47 95 74 83 74

Arbeidsstad

Rådhuset

5685 UGGDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tysnes kommune


Referansenr.: 4883157584

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
382360441
Sist endret
26. nov. 2024 02:01