Etterforskar - vikariat

Arbeidsgiver
ÅLESUND - Møre og Romsdal politidistrikt
Stillingstittel
Etterforskar - vikariat
Frist
10.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ønsker du å jobbe med etterforsking i eit etterforskarteam ved Ålesund politistasjon? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi har no ledig eit vikariat som politibetjent 3/2/1 med lengd på eit år. Det kan bli ledig fleire vikariat.

Seksjonen består i dag av seksjonsleiar, straffesaksansvarleg, TA-ansvarleg og avsnitt for etterretning og førebygging. Etterforskarane er etablerte i tre team som samla har ansvar for den generelle straffesaksporteføljen til seksjonen, og hjelper ved behov heile geografisk driftseining Sunnmøre i straffesaksbehandlinga. I tillegg kjem kriminalvakt og publikumsmottak. Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggande strategien til politiet.

Seksjonen har per i dag eit sterkt fagmiljø og fleire medarbeidarar har lang erfaring og høg kompetanse innan oppgåveporteføljen til seksjonen. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og dette skal førast vidare og forsterkast. Arbeidsdagen er prega av høgt tempo og tidvis stort arbeidspress. Arbeidet er svært krevjande fordi ein ofte jobbar med menneske i krise og det krevst at seksjonen leverer arbeid av høg kvalitet for å ta vare på rettstryggleiken. 

I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.

Vikariatet er for tida ved Ålesund politistasjonsdistrikt, ved seksjon for etterretning, førebygging og etterforsking. Oppmøtestad er i Ålesund.


Arbeidsoppgåver

  • Etterforskingsoppgåver
  • Kriminalitetsførebyggande arbeid
  • Krimvakt/publikumsmottak
  • Samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker
  • Utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • Andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
  • Bidra med rettleiing og ved opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga
  • Støtteliste ved vakt og beredskap i Ålesund kvar fjerde helg
  • Kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema 
  • God skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • Operativ godkjenning i minimum AOP, eller vere kvalifisert for og villig til å bli IP-godkjent for kategori 4
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskeleg:

  • Relevant erfaring frå politistilling
  • Erfaring frå etterforsking
  • Gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
  • Etter/-vidareutdanning innan etterforsking
  • Anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
  • Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeiderplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/ 

Vi tilbyr

  • Fast stilling eller vikariat som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av erfaring og kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
  • Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 575 400 - kr. 667 700
  • Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 509 300 - kr. 565 900
  • Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 487 700 - kr. 532 200
  • Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldende lønnsnivå for området
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon.
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Arne Lid Skodje, Seksjonsleiar, 93054548

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt


Referansenr.: 4889638828

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 10.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Annet, Sikkerhet, Saksbehandler
FINN-kode
382361376
Sist endret
26. nov. 2024 02:04