Sommarvikarar Kirurgisk sengepost 2025

Arbeidsgiver
Kirurgisk sengepost, Helse Førde
Stillingstittel
Sommarvikarar Kirurgisk sengepost 2025
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kirurgisk/ØNH/auge sengepost har ledige sommarvikariat: 

  • Sjukepleiarar, sjukepleiestudentar, helsefagarbeidarar
  • Periode: 23.06.2025 - 17.08.2025  

Kirurgisk/ØNH/auge sengepost har 17 sengeplassar og er ei fagleg spennande og utfordrande, til tider hektisk avdeling med godt arbeidsmiljø.
Hos oss får du jobbe med pasientar innan eit breidt fagfelt. Vi behandlar pasientar som kjem til både planlagt behandling og augeblikkeleg hjelp, innan fagfelta gastro, urologi, endokrin kirurgi, øyre/nase/hals, auge, kar- og plastikkirurgi.

Ber om at det blir opplyst i søknaden kva arbeidsperiode og stillingsprosent som er ønskjeleg.
Stilling inneber arbeid i tredelt turnus.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til kirurgiske pasientar
  • Administrering av medikament, i.v. væske, sondemat, parenteral ernæring (sjukepleiarar)
  • Utøving av ulike kliniske fagprosedyrer
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr som EKG-apparat, blærescanner, sprøytepumper og infusjonspumper
  • Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med kommunehelsetenesta

Kvalifikasjonar

  • Utdanningsretning: sjukepleie - helsefagarbeidar/hjelpepleie 
    Utdanningsnivå:      høgskule/universitet, årsstudie, grunnfag
  • Ønskjer søkjarar med erfaring innan pleiesektor. Ber om at referanse blir opplyst i søknaden
  • Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg. 
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer medarbeidarar som har høg arbeidskapasitet, er fleksibel og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon, men som også kan jobbe sjølvstendig
  • Er interessert i fagleg utvikling og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
  • Personlege eigenskaper og erfaring vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linn Beate Årnes, Seksjonsleiar, +47 952 06 487

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4889963684

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 23.06.2025

Sluttdato: 17.08.2025

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
382371743
Sist endret
27. nov. 2024 06:51