Tannhelsesekretær

Arbeidsgiver
IDI - Åsane tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Frist
12.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vest Tannhelseområde har ledig ei 100% stilling som tannhelsesekretær frå 01.01.2025.

Tenestestad er for tida Åsane tannklinikk. Klinikken har til saman 14 tilsette: 5 tannlegar, 3 tannpleiarar og 6 tannhelsesekretærar. Åsane tannklinikk er lokalisert på Åsane Vidaregåande skule som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). 


Arbeidsoppgåver

-          Jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
-          Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
-          Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
-          Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken

Kvalifikasjonar

-          Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
-          Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
-          Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

-          Likar å jobbe menneske og som set pasienten i fokus
-          Arbeidar sjølvstendig og meistrar travle dagar
-          Er positiv og serviceinnstilt
-          Har gode kommunikasjonsevner
-          Har gode samarbeidsevner
-          Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
-          Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
-          Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
-          Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
 
Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

-          Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
-          Løn etter gjeldande tariff Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar (tannpleiar), 93605917

Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936

Arbeidsstad

Åsane Senter 52

5116 Ulset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4875923504

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Åsane Senter 52, 5116 Ulset
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse
FINN-kode
382455522
Sist endret
27. nov. 2024 07:36