Tannlege

Arbeidsgiver
IDI - Åsane tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannlege
Frist
12.12.2024

Beskrivelse

Vest Tannhelseområde har ledig eit vikariat i 100% stilling som tannlege i perioden 01.01.2025 - 31.12.2025.

Tenestestad er for tida Åsane tannklinikk. Klinikken har til saman 14 tilsette: 5 tannlegar, 3 tannpleiarar og 6 tannhelsesekretærar. Åsane tannklinikk er lokalisert på Åsane Vidaregåande skule som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont).  Ved behov blir det ambulering til Bergen Fengsel. Ambuleringstillegg og reiseutgifter vert i så fall dekt. 


Arbeidsoppgåver

-          Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar
-          Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
-          Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken

Kvalifikasjonar

-          Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege.
-          Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
-          Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

-          Likar å jobbe menneske og som set pasienten i fokus
-          Kan arbeide systematisk, strukturert og målretta
-          Har evne til å jobbe effektivt, prioritere og meistre ein travel arbeidsdag
-          Har gode kommunikasjonsevner
-          Har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
-          Har personleg og fagleg integritet samt fokus på fagleg utvikling
-          Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
-          Har forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget
-          Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

-          Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
-          Løn etter avtale med ei minsteløn på kr 620 000,-.  Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar (tannpleiar), 93605917

Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936

Arbeidsstad

Åsane Senter 52

5116 Ulset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4875918253

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 12.12.2024

Sted
Åsane Senter 52, 5116 Ulset
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
382455810
Sist endret
28. nov. 2024 07:35